Godt Nytt År!

Arnt klar for KjippenHenrik klar for Kjippen

Medan skipperen har returnert til Oslo for ei roleg nyttårsfeiring tek 1st mate Arnt og webmaster Henrik ansvar for feiringa i Florø. Kjippen er ein gamal tradisjon i byen der alle kler seg ut og går i tog gjennom gatene for å ta farvel med året som har gått.

Vi har jobba godt i jula, og fått heiemesida på plass. Stor takk til vår webmaster Henrik, og til Lisa som har lese korrektur! Forutan introduksjon av heiemesida har vi også fått tatt ein prat med lokalavisa Firdaposten.

Arbeidet med førebuingane held fram i det nye året. Sten prioriterer no innkjøp av utstyr, medan Arnt har hovudansvaret for å få kartverket på plass.

Vi takker for hyggelege tilbakemeldingar i året som har gått, og gler oss stort til å ta fatt på 2008!

Tempest med mannskap ynskjer dykk alle eit GODT NYTT ÅR!

0 kommentarer til “Godt Nytt År!”


  1. Ingen kommentarer

Skriv en kommentar