Vaksine

VaksineVaksinering kjem ein ikkje unna når ein skal på ei slik reise. Her er det viktig å vera tidleg ute. Nokon typar vaksine følgjer eit program som går over eit halvt år.

Vi har begge fått våre første stikk.

I samråd med lege har vi blitt einige om å ta følgjande vaksinar:

  • Hepatitt A+B
  • Tyfoid
  • Dif/Tet (stivkrampe)
  • Polio
  • Gulfeber

Hepatitt A+B vaksineringa består av tre sprøyter, der den første må takast minst eit halvt år før avreise. Vi er usikre på om vi treng gulfebervaksine, men har valt å ta den med sidan vi mest truleg skal innom Trinidad og Tobago.

Hugs å få med eit gult internasjonalt vaksinekort når du først tar desse vaksinane. Enkelte land kan nekte innreise dersom ein ikkje har dette vaksinekortet som stadfestar at gulfebervaksina er på plass.

Samla pris for vaksinane kjem i tillegg til den første konsultasjonen på kroner 2140,-

1 kommentar til “Vaksine”


  1. 1 Erik Muus-Falck

    Hei!Gøy å lese om dere, vi vil kaste loss i mitten på juni og vårt 1.stopp vil bli Kiel, for montering av et vindror. Har endel vaksiner, men et par stikk må vel også vi regne med! Kan jo tenkes vi sees! Jobber med vår hjemmeside, men bloggen er oppdatert!
    Alle gode seilerhilsner fra mannskapet på Endely v/ Erik.

Skriv en kommentar