Deprecated: preg_replace(): The /e modifier is deprecated, use preg_replace_callback instead in /home/vusers/domains/seiltur.no/wwwdocs/tempest/wp-includes/formatting.php on line 74
Strict Standards: call_user_func_array() expects parameter 1 to be a valid callback, non-static method GeoMashup::the_content() should not be called statically in /home/vusers/domains/seiltur.no/wwwdocs/tempest/wp-includes/plugin.php on line 57
Så har endeleg elektronikken byrja å komme i hus. Eg kan love dykk at dette er mykje moro for ein automasjonsingeniør!
Har kopla opp delar av utstyret på kontoret heime. Dette er nett slik eg hugsar julafta som liten:)
Pakken vi har investert i inneheld følgjande:
- Raymarine E80 Multifunksjons kartplotterdisplay
- Raymarine 2kW Radardome
- Raymarine RayStar 125 GPS
- Raymarine SeaTalk2 fjernstyringstastatur
- Raymarine HSNetworkSwitch
- Raymarine RayTech RNS V6.0 Software
Frå før av har vi Raymarine Autopilot med trådløs fjernkontroll, Raymarine vindinstrument og logg.
Tanken bak oppsettet er at vi har E80 instrumentet som hovedplotter på pidestallen ute. Den er kopla mot ein vanleg LCD skjerm inne som visar ein kopi av skjermbiletet på E80, samt eit fjernstyringstastatur.
Vi vil med dette oppsettet sjå samme bilete ute og inne, og kan styre alle funksjonane i plottaren frå begge posisjonar. Bakdelen er at skjermane og tastatura ikkje fungerar uavhengig av kvarandre, dvs. skiftar ein skjermbilete inne skiftar det ute samtidig. Fordelen er at det er ei langt billigare løysing enn å ha to kartplottarar, samt at vi kan kople til ein skjerm under sprayhooden og bruke fjernstyringa der og. Vi leitar for tida etter ein liten lyssterk skjerm som går på 12V.
For planlegging og oppsett av ruter kjem vi til å bruke ein bærbar PC med RayTech RNS softwaren. Denne er kopla til systemet via ethernet. Vi kan då benytte karta, radaren og all anna informasjon i systemet på PC`en utan å forstyrre den som står ute å brukar kartplottaren.
Radaren er ein 2kW dome som også er tilkopla E80 instrumentet. Vi kan sjå radaren i eit eige bilete, eller vi kan ha den som eit lag over kartet. Dette er eit verdifullt instrument for å kunne sjå andre båtar og hindringar i for eksempel tåke. Vi skal også kople til ein AIS mottakar, slik at alle større skip syner som eigne symbol på kart og radarbilete. Der får vi informasjon om navnet på skipet, fart og retning, samt kor lenge det er til vi kolliderar:)
Det er mykje å montere på i båten, men når jobben er gjort trur eg vi har eit veldig bra og fleksibelt system. Vi vil kunne ha tilgang til navigasjonsinformasjonen på fleire stader, og via trådløs fjernkontroll også kunne justere kurs utan å være tvungen til å stå bak rattet. Dessutan kan vi sjå video og spele X-Box på kartplottaren ute!
0 kommentarer til “Elektronikk - mykje moro!”