Deprecated: preg_replace(): The /e modifier is deprecated, use preg_replace_callback instead in /home/vusers/domains/seiltur.no/wwwdocs/tempest/wp-includes/formatting.php on line 74
Strict Standards: call_user_func_array() expects parameter 1 to be a valid callback, non-static method GeoMashup::the_content() should not be called statically in /home/vusers/domains/seiltur.no/wwwdocs/tempest/wp-includes/plugin.php on line 57
Så var straumaggregatet kome i hus. Dette skal vi bruke i dei tilfella landstraumen manglar og Duogenen ikkje leverer nok til å dekkje forbruket. Vi har valt eit Kipor IG 1000 aggregat. Allerhelst ville vi hatt eit 2000VA aggregat, men det viste seg at storleiken på disse gjorde det vanskeleg å plassere der det var tiltenkt. Da stod valet mellom dette og Honda sitt EU10 aggregat. Skulle vi valt utifrå kvalitet ville nok valet fall på Honda sitt, men i dette tilfellet har vi valt å tenkje økonomi i første rekkje. Honda sitt aggregat er dobbelt så dyrt, men neppe dobbelt så bra.. Så får tida vise om vi vil angre.
Aggregatet kan gje ut 900W kontinuerleg, noko som er tilstrekkeleg til å kunne lade batteria og bruke mindre elektrisk handverktøy. Ein liten garasjetest viser at støynivået er akseptabelt, det skal uansett ikkje brukast i tide og utide. Vi må nok vise hensyn til andre nærliggjande båtar før vi fyrer det laust i idylliske frihamner.
6 kommentarer til “Straumaggregatet i hus!”