Så nærmer Påska 2008 seg slutten, og arbeidslaget er i gang med opprydding etter alle montasjejobbene.
Vi er veldig nøgde med alt vi har fått gjort!
Måned: mars 2008
-
Visum
Påska er i gang, og vi er samla i Oslo. I dag har vi vore på den Amerikanske Ambassaden og søk om visum. Normalt kan ein som norsk statsborgar med elektronisk pass reise til USA utan, men sia vi kjem med ein privat båt må vi ha visum. To timar tok seansen på ambassaden, halvparten av tida utandørs i eit trekkfullt og kaldt Oslo.
Av andre land vi skal innom har vi berre funnet ut at vi treng visum til Cuba. I følge båtar som er der no, er det ikkje noko problem å skaffe dette ved ankomst til Cuba. Ein treng altså ikkje ordne dette på forhand.
-
Verktøy Maskin AS stiller med batteripakke
Ein tur av ei slik lengde som Tempest blir utsett for stiller store krav til elektrisk installasjon, og ikkje minst ein skikkeleg batteripakke. Dei eksisterande batteri på Tempest var gamle og klar for utskifting.
-
Seglesesongen er i gang!
Tempest står enno på land, og ventetida fram mot våren er lang både for skute og skipper.
I helga var eg difor ikkje tung å be når eg fekk tilbod om å vere med å hente ein heilt ny Bavaria 38 frå Danmark til Oslo. Litt mykje vind i hamn, og litt lite på havet, men likevel fantastisk å komme seg på sjøen igjen!
(mer…)

