Ein tur av ei slik lengde som Tempest blir utsett for stiller store krav til elektrisk installasjon, og ikkje minst ein skikkeleg batteripakke. Dei eksisterande batteri på Tempest var gamle og klar for utskifting.
Verktøy Maskin AS er importør av Sunox AGM batteri, og har har valt å sponse Tempest med ny batteripakke. Vi har fått i hus 4 stk 100Ah Sunox AGM batteri, samt eit Banner startbatteri på 80Ah. Ei stor takk til Verktøy Maskin AS!
AGM batteri er “spesial” batteri med høgare innkjøpskostnad enn tradisjonelle våtcellebatteri, men dei har også betre lagringseigenskapar og sulfaterer heller ikkje så lett som våtcellebatteri. Med slike batteri er også sjansen for ein hydrogengasseksplosjon eliminert. Dette, samt det faktum at monteringsvinkel ikkje er eit tema, var viktig for oss ved val av batteritype. I dei fleste tilfelle vil AGM ha dobbel levetid og tåle langt fleire djuputladninger enn våtcellebatteri.



Onninen Express avdeling Florø har sponsa kablar og koblings- materiell.





0 kommentarer til “Verktøy Maskin AS stiller med batteripakke”