Visum

Påska er i gang, og vi er samla i Oslo. I dag har vi vore på den Amerikanske Ambassaden og søk om visum. Normalt kan ein som norsk statsborgar med elektronisk pass reise til USA utan, men sia vi kjem med ein privat båt må vi ha visum. To timar tok seansen på ambassaden, halvparten av tida utandørs i eit trekkfullt og kaldt Oslo.

Av andre land vi skal innom har vi berre funnet ut at vi treng visum til Cuba. I følge båtar som er der no, er det ikkje noko problem å skaffe dette ved ankomst til Cuba. Ein treng altså ikkje ordne dette på forhand.

0 kommentarer til “Visum”


  1. Ingen kommentarer

Skriv en kommentar