Arkiv for april, 2008
Sjølv om det ikkje er eit absolutt krav for å delta på ARC, har vi valt at delar av mannskapet tar ISAF Sikkerhetskurs. Denne helga var det skipparen sin tur. Kurset er i regi av Oslo Kystskipperskole.
I dag skulle vi i trene på å snu redningsflåte i Oslofjorden. Kanskje litt skeptisk til at drakta held tett og temperaturen blir ok?
Vi har nok ein gong møtt på eit velvillig Florøfirma! Solheim Diesel har topp kompetanse på Volvo Penta motoren som sit i Tempest, og har sponsa turen med nødvendige reservedelar.
Vi har møtt stor velvilje hos Solheim Diesel. Ikkje berre har dei sponsa delar og reservedelar til motoren, dei bidreg også med gode råd og tips. Ei stor takk frå Tempest med mannskap!