ISAF Sikkerhetskurs

Litt skeptiskSjølv om det ikkje er eit absolutt krav for å delta på ARC, har vi valt at delar av mannskapet tar ISAF Sikkerhetskurs. Denne helga var det skipparen sin tur. Kurset er i regi av Oslo Kystskipperskole.

I dag skulle vi i trene på å snu redningsflåte i Oslofjorden. Kanskje litt skeptisk til at drakta held tett og temperaturen blir ok?

Fylller godt Instruktøren sa det var ein fordel om vi fyllte drakta godt ut, det er lettare å få den tett då. Eg synest eg fekk til den delen ganske godt, drakta satt som eit pølseskinn, og eg reknar med å stå på denne øvelsen ;-)

Snu flåtaHer er vi i ferd med å få temma flåta. Eg får god hjelp av Tone frå båten Mango som også deltar på samme kurset.

Nesten reddaRedda :-) Drakta holdt tett, og det var faktisk ikkje så kaldt som eg frykta.

Skulle eg nokon gong få bruk for dette håpar eg flåta er i litt betre stand enn den lefsa vi trente på her. Aller helst håpar eg sjølvsagt at flåta eg har kjøpt til Tempest skal kunne selgast i ubrukt stand etter turen!

Eg angrar ikkje på at eg meldte meg på kurset. Sjølv om det vi gjennomgår er mykje kunnskap ein har frå før av, er det aldri ein dårleg ide å få repetert det som har med sikkerheit å gjere. Ein plukkar alltid opp noko nytt, og dess fleire gongar ein har vert igjennom det, dess tryggare går eg utifrå at ein er når ein kjem i ein situasjon der ein treng kunnskapen. Å ha tatt på og testa dei ulike sikkerheitsremediene “in real life” gjer ein også tryggare og meir innforstått med korleis dei fungerer.

4 kommentarer til “ISAF Sikkerhetskurs”


  1. 1 Tone

    Takk for hyggelig kveldsbad. Du hadde nok slitt med å snu flåten uten min hjelp vil jeg tro :-).

  2. 2 Kjellaug

    Hei, eg lure på om det går å bestille ei helg før de forlæt Europa, skal love ein komlemiddag om bord, det er ikkje noko heft.
    God tur
    Kjellaug

  3. 3 Sten Ingve Hellevang

    Kjellaug,
    om du lagar komle skal du få vere med heile vegen rundt :-)

  4. 4 Nina

    Hei

    Ønsker dere lykke til med reisen. For vår del skal vi snart ta fatt på hjemturen:-( Gleder oss til å følge med på hjemmesiden deres.

    Karibiahilsen fra Nina og Aadne på Antigua

Skriv en kommentar