Arkiv for mai, 2008

Ei stor takk til Sønnico

SønnicoIkkje berre har Sønnico Installasjon avd. Florø gitt eit års permisjon til vår 1st mate, dei har også vert fleksible med arbeidstid i planleggingsfasen. Utan den fleksibiliteten frå arbeidsgjevar si side ville planlegginga av turen ha vore ein langt tyngre prosess. På toppen av det har Sønnico også valgt å sponse Tempest med diverse elektromateriell!

Tempest med mannskap takkar for all velviljen Sønnico Installasjon avd. Florø har vist!

Siste arbeidsveka

Både kaptein og førstestyrmann har no tatt fatt på den siste arbeidsveka. Tempest ligg hos Lunde Båt A/S for å få installert kutterstag og forsterka roret. Sidan vi då ikkje får jobba på båten sjølve, fann eg ut at tida var inne for å lære seg å segle. Eit segltrimkurs hos Oslo Seilskole fanga interessen, og med ein dyktig instruktør og hyggelige medseglarar gav det eit godt grunnlag for å kunne arbeide vidare med forståinga kva som fungerar og ikkje fungerer av trim. Mange aha opplevingar gjer iallefall ein god følelse av at ein har lært noko nyttig.

På måndag kjem Arnt til Oslo, og frå då av er det kun arbeid med Tempest og anna klargjering til turen som står på programmet. Kun kort tid igjen, og vi er proppfulle av pågangsmot og reisefeber :-)

PLS-teknikk a/s sørger for kommunikasjon

PLS-teknikk a/sForutan å gje skipperen eit års permisjon har PLS-teknikk a/s også sørga for at vi skal kunne halde omverda orientert om kvar vi er. Satellittelefon, eller anna kommunikasjon som gjer mulighet til å sende mail frå havet, er eit av sikkerhetskrava som må oppfyllast for å kunne delta på ARC. Vi takkar PLS-teknikk a/s for støtten, og lovar å sende mange oppdateringar via satellitt når vi seglar på havet.

Vi har oppdatert kontaktsida, der står det også korleis dykk kan sende oss meldingar på satellittelefonen.

Masta er på

Det er rart kor mykje ein kan kvie seg til noko ein ikkje har heilt kontroll på. Vi har så langt jobba med elektro og enklare monteringsarbeid i båten, og det føler vi går greit. Men det har heile tida gnage i bakhodet at når båten ligger på sjøen skal masta på igjen. Som eg har skrive før gjekk det nesten galt når vi skulle ha den av.
Fortsett å lese ‘Masta er på’

Tempest er sjøsatt!

Så kom endeleg dagen då eg skulle få Tempest på sjøen igjen!

I krana Det er like nervepirrande kvar gong dei fer “dinglande” med båten i desse to stroppene.

Fortsett å lese ‘Tempest er sjøsatt!’

Ny propell montert

I dag har eg fått gode nyheter, Tempest skal sjøsettast i morgon kl.15:45! Straks eg fekk den avtalen bar det ned på opplagsplassen for å montere vår nye Flex-O-Fold treblada foldepropell.

Propell foldaFlott? Den skin so eit smykke. Som båtnaboen sa: - Det er jo nesten synd den der skal vere under vann :-)

Slik ser den altså ut når den er folda saman…

Fortsett å lese ‘Ny propell montert’

Staro Tech AS sponsar Tempest!

Staro Tech AS

Staro Tech AS er ei mekanisk bedrift som sit på høg kompetanse og ein moderne maskinpark. Dette er bedrifta som ser løysingane på andre sine utfordringar. Staro Tech AS finn du i Danielsvika 2, 6900 FLORØ. Du når dei på telefon 57 74 04 22 eller på mail.

Tempest er glad for å ha denne kreative bedrifta i ryggen når vi legg ut på tur, og takkar so mykje for bidraget. Vi let oss nok ein gong imponere av velviljen til eit Florøfirma!

ARC 2008 fullteikna

ARC LogoFor atlanterhavskrysset er det populært å delta på ARC. Grensa på 225 båtar er no nådd, og dei har gått over til å registrere dei som melder seg på venteliste.

13 norske båtar er påmelde. Du finn lista her. Vi har ikkje full oversikt over alle båtane som skal over, men det er mange båtar som reiser uavhengig av ARC også.

I dag flagger vi ….

Gratulerer med dagen Arnt!

Fortsett å lese ‘I dag flagger vi ….’