Deprecated: preg_replace(): The /e modifier is deprecated, use preg_replace_callback instead in /home/vusers/domains/seiltur.no/wwwdocs/tempest/wp-includes/formatting.php on line 74
Strict Standards: call_user_func_array() expects parameter 1 to be a valid callback, non-static method GeoMashup::the_content() should not be called statically in /home/vusers/domains/seiltur.no/wwwdocs/tempest/wp-includes/plugin.php on line 57
I dag har eg fått gode nyheter, Tempest skal sjøsettast i morgon kl.15:45! Straks eg fekk den avtalen bar det ned på opplagsplassen for å montere vår nye Flex-O-Fold treblada foldepropell.
Flott? Den skin so eit smykke. Som båtnaboen sa: - Det er jo nesten synd den der skal vere under vann
Slik ser den altså ut når den er folda saman…
.. og her eit bilete der den er folda ut. Håpet er jo at vær og vind vert slik på turen at denne tilstanden vert “mot normalt”.
Propellen kjøpte vi hos Lunde Båt A/S, og dei anbefalte dimensjonen 17×11 til vår båt. Vi får stole på dei har god greie på det.
Har kvia meg litt for monteringa, men det viste seg å vere veldig enkelt. Det gjekk ikkje å montere den feil, iallefall ikkje utan å øydeleggje. Einaste var at alt skulle skruast til med bestemte moment, og det er berre å krysse fingrane for at eg forstod skalaen på den momentstanga rett
0 kommentarer til “Ny propell montert”