Så kom endeleg dagen då eg skulle få Tempest på sjøen igjen!
Det er like nervepirrande kvar gong dei fer “dinglande” med båten i desse to stroppene.
Her er det rett før den når sjøen. Trucken klarer 12 tonn, så det skulle vere gode marginar. Tempest veier vel rundt halvparten pluss litt til.
Og her ligg Tempest på plassen sin i Frognerkilen. Det var fantastisk vær i Oslo i dag, 21 grader og skyfri himmel. Kjempestart på sesongen å gå frå opplagsplassen til brygga.
No kjem Arnt til Oslo i morgon kveld. Vi har begge tatt fri fredag, så då får vi fire fulle dagar til klargjering og jobbing på Tempest. Det er riggen som har førsteprioritet, den skal få seg ein vask og nokre nye kablar. Vi skal og montere ny radarreflektor, VHF-antenne og nye LED-lanterner i toppen før riggen endeleg skal monterast på båten.
No gler eg meg aller mest til årets første segltur!


Onninen Express avdeling Florø har sponsa kablar og koblings- materiell.






Er båten tett, du må vite at eg er opptatt av dette. Dette med komle går dessverre ikkje, får heller ta det når de er tilbake i Norge viss du ikkje finn deg ei fin jente og aldri kjem tilbake.
Ha det fint
Båten flyt som ein dupp, litt baktung. Nett so han planar. Det kjem seg nok med anker og kjetting og litt vann i vanntanken forran.
Det her med komlene er jo litt krise då, trur du det går å hermetisere? Eller kanskje vakumpakke? Eg har fått trykkoker, kan vi bruke den?