Deprecated: preg_replace(): The /e modifier is deprecated, use preg_replace_callback instead in /home/vusers/domains/seiltur.no/wwwdocs/tempest/wp-includes/formatting.php on line 74
Strict Standards: call_user_func_array() expects parameter 1 to be a valid callback, non-static method GeoMashup::the_content() should not be called statically in /home/vusers/domains/seiltur.no/wwwdocs/tempest/wp-includes/plugin.php on line 57
Det er rart kor mykje ein kan kvie seg til noko ein ikkje har heilt kontroll på. Vi har så langt jobba med elektro og enklare monteringsarbeid i båten, og det føler vi går greit. Men det har heile tida gnage i bakhodet at når båten ligger på sjøen skal masta på igjen. Som eg har skrive før gjekk det nesten galt når vi skulle ha den av.
Løysinga vart heldigvis enkel, det som er eit stort prosjekt for oss er rutinearbeid for andre. Vi var heldige og fekk bytta litt arbeidskraft med Frode Lund fra Mango. Han heisa og instruerte, og det eg hadde kvia meg til heile vinteren var gjort på kun kort tid, utan stress og mas og master som nesten faller i bakken! Vi fekk også med oss mange gode tips og triks som ikkje er så lett å lese seg til, og føler oss nå langt tryggare på å kunne gjere dette sjølve neste gang. Takk for hjelpa Frode, godt levert!
Før vi satte opp riggen jobba vi to dagar med å klargjøre den. Den er vaska, olja og pussa, vi har skifta nokon kablar og vi har montert Tricolor i mastetoppen. I tillegg har vi satt inn to samanleggbare trinn som vi kan stå på heilt øverst i masta.
Å dra på langtur er ikkje berre å jobbe med klargjering av båt. Prosjekter på jobben skal avsluttast, og for min del skal ei leilighet selgas. Det er litt kjekkare å jobbe i båten enn heime, så denne delen har vert litt nedprioritert. Men med god hjelp av Arnt som arbeidsleder og ryddeansvarlig fekk eg endeleg litt framgang her og. Vi brukte ein heil dag til å gå igjennom å sortere ut kva eg skal kaste, gje bort, ta vare på eller selge. Er nok litt seint ute her, men eg har heilt klare forventningar om at eigendomsmarkedet tar ein uventa u-sving no på tampen av mai
0 kommentarer til “Masta er på”