Siste arbeidsveka

Både kaptein og førstestyrmann har no tatt fatt på den siste arbeidsveka. Tempest ligg hos Lunde Båt A/S for å få installert kutterstag og forsterka roret. Sidan vi då ikkje får jobba på båten sjølve, fann eg ut at tida var inne for å lære seg å segle. Eit segltrimkurs hos Oslo Seilskole fanga interessen, og med ein dyktig instruktør og hyggelige medseglarar gav det eit godt grunnlag for å kunne arbeide vidare med forståinga kva som fungerar og ikkje fungerer av trim. Mange aha opplevingar gjer iallefall ein god følelse av at ein har lært noko nyttig.

På måndag kjem Arnt til Oslo, og frå då av er det kun arbeid med Tempest og anna klargjering til turen som står på programmet. Kun kort tid igjen, og vi er proppfulle av pågangsmot og reisefeber :-)

0 kommentarer til “Siste arbeidsveka”


  1. Ingen kommentarer

Skriv en kommentar