Arkiv for 27. juni, 2008

Vi er på veg!

Det følast heilt enormt. Denne gangen legg vi ikkje ut på ein liten tur på fjorden. Vi skal ikkje heim att når vi har kome fram, vi skal fortsette vidare! Det er eit heilt år til vi skal avslutte den turen vi no legg ut på.
Tusen takk for alle lukkeønskingar!
Dette er forresten den første bloggposten sendt via Satellittelefonen:)
Sten og Arnt i perlehumør!

Ein time til avgang :)

Vi ligger nå på Aker Brygge, og har berre ein time igjen til avgang. Vi har fått mange lukkeønskingar på telefon i løpet av dagen, og har no besøk i båten før avgang. Vi kjenner at det skal bli godt å komme i gang med sjølve turen no, det har vert ein hektisk innspurt. Men kl.18:00 er vi på veg til Karibien!!! :)