Arkiv for 29. juni, 2008

Mekking i framande hamner…

Mekking i framand hamn…Er det ikkje det som er langtursegling? Det var for oss viktigare at vi reiste den datoen vi hadde satt, enn at vi var heilt klare med alt. Det blir derfor litt mekking undervegs. Vi har vert flinke i dag, og gjekk rett på oppgåvene med stor iver. Vi har nok ikkje komme heilt ut av forberedelsesfasen enno…

LogoVi var nøgde med resultatet og, vart det ikkje fint? Fekk masse kommentarar frå forbipasserande på brygga her i Strömstad.

No har vi vert og handla på den søndagsopne ICA-butikken. Arnt lagar kyllinmiddag, medan eg bloggar litt. Seinare i kveld ventar vi inn iallefall ein ARC-båt til, så då blir det vel ein ankerdram eller to ;-)

PS: Jan, no har eg oppdatert posisjonen også, så då kan du se på kartsida kor vi er!

Tusen takk for alle helsingar!

AvreisekakeVi er overvelda av alle helsingar og lukkeønskingar vi har fått. Vi har prata mykje om det, det varmar og har satt ein ekstra spiss på avreisa at det er so mange som følgjer med oss. Tusen takk!

Fortsett å lese ‘Tusen takk for alle helsingar!’