Arkiv for juli, 2008
Mellomste bror Bengt med forloveden Inga har mønstra på! Inga vert med fram til fredag medan Bengt vert med til vi er over Biscaya! Dette er luksus for oss to andre. Bengt fyk opp om morgonen og lagar egg og bacon og eggerøre og anna god frukost, medan Inga ryddar og vaskar og styrer på. Vi nektar dei ikkje, og nyt selskapet så lenge det varar
Skipperen på EmBlem meinte at bilspelkampen mellom EmBlem og Tempest var så ujavn at no måtte Tempest få utfordre EmBlem i ei sjølvvalt grein. Det har vi gjort, og kampen står i greina: Tauspleising og knop knuting!
Den engelske kanal er eit av dei mest trafikkerte ledene i verda. Heldigvis er den også godt organisert. På biletet ser dykk oss heilt nederst, og dei store båtane med AIS sendar viser som trekantar. Den raude sirkelen er båten EmBlem som vi peila på radaren. Dei dreiv å testa SeMe radarreflektoren sin. I dag var eg verkeleg glad vi hadde AISen, det er ikkje alltid like lett å peile skip som kjem på kryssande kurs, no får vi opp på plottaren kva kurs dei held, og kor lenge det er til våre kursar kryssast.
I dag har vi segla langs den Belgiske kysten. Fantastisk å få ein dag der vi kunne la motoren kvile og segla jobbe som dei skal.
No er alt så bra at eg måtte bare blogge litt via satellitttelefonen! Vi seglar langs kysten av Belgia. Rundt 7 knop i 7 knops vind 74 grader inn styrbord. Sol og sommer, ingen motorlarm og ca en knops medstraum, aukande. Vi har det bra
Vel… som sagt i går hadde vi ein del å førebu til i dag. Tidevatn og strøm for dagens seglas, samt ein bilspelkamp mot Jørgen og Magnus i EmBlem.
Vi får starte med det positive, vi enda opp i Zeebrugge i Belgia (vi antar i allefall det, EmBlem låg her når vi kom, og det var dit dei skulle…). Berekninga av tidevatnet har vi begynt å få taket på, og vi hadde medstraum heile vegen! Sjølvsagt var vinden rett i mot, men det har vi begynt å venne oss til. Får berre håpe den snur til vi skal heimatt
Igjennom Amsterdam opnar dei berre bruene ein gong i døgnet, og det er om natta. Vi fekk beskjed om å vere klare og lytte til kanal 69 på VHFen frå midnatt. Ikkje før klokka halv tre starta vi, og då måtte vi følgje ein lekter som gjekk i 2-3 knop! Men likevel ei veldig spesiell oppleving å segle igjennom Amsterdam midt på natta.
I dag måtte vi flytte hamn. Vi skal gå ei rute igjennom Amsterdam med båtane, og den opnar dei berre om natta. Vi ligg derfor å ventar før den første brua, som opnar ein gong etter midnatt.
Vi har hatt eit liste mysterium ombord i Tempest. Når vi seglar og ser opp i riggen mot sola ser vi masse trådar som ser ut som spindelvev. Vi har spurt vår “seglingsmentor” ombord i EmBlem, Morten, om kva dette er, og han driv å fortel oss at det faktisk er spindelvev frå edderkoppar. Vi har hatt vanskeleg for å tru dette, og i dag meiner vi å ha avslørt han. Vi ferska to av mannskapet frå EmBlem i riggen vår, to luringar som vi mistenker å legge igjen litt “spindelvev” for å lure oss
Kontrastane har stått i kø i dag, opptur, nedtur, opptur.
Det første som skjer er at når vi skal til å gå, får vi eit oppkall på VHFen. Det er Endely som egentlig skulle ligge igjen i ein annan by for å reparere giret. Dei hadde lagt berre 500 meter ifrå oss om natta utan at vi viste om kvarandre. Dei hadde fått ein ny by dei skulle få reparasjonen gjort i, og segla derfor med oss halve dagen i dag og. Det er mykje moro med Endely, vi håpar reparasjonen går raskt slik at dei tar oss igjen ganske snart!