Arkiv for 6. juli, 2008

Balle Marina

Arnt i mastaVi gjekk til Samsø i dag. Ein Marina med namnet Balle kunne vi ikkje segle forbi. Det viste seg å vere lurt, for i det vi nærma oss innløpet såg vi ein båt som låg på svai utanfor. Vi sa begge at det der må jo vere ein langturseglar. I det vi kom nærare vinka dei til oss, det var ein båt frå Bergen med tre kokkar og ein servitør ombord. Endely skal segle jorda rundt, og vi har hatt litt mailkontakt med dei på forhånd. Vi la oss inn i marinaen og tok jolla ut att til dei to para i Endelybåten. Der vart vi servert kaffi og cognac, og hadde ein hyggeleg prat utover kvelden. Vi treffer dei igjen i Kiel, og gler oss allerede til det. Hyggelig gjeng!

Fortsett å lese ‘Balle Marina’