Deprecated: preg_replace(): The /e modifier is deprecated, use preg_replace_callback instead in /home/vusers/domains/seiltur.no/wwwdocs/tempest/wp-includes/formatting.php on line 74
Strict Standards: call_user_func_array() expects parameter 1 to be a valid callback, non-static method GeoMashup::the_content() should not be called statically in /home/vusers/domains/seiltur.no/wwwdocs/tempest/wp-includes/plugin.php on line 57
Kontrastane har stått i kø i dag, opptur, nedtur, opptur.
Det første som skjer er at når vi skal til å gå, får vi eit oppkall på VHFen. Det er Endely som egentlig skulle ligge igjen i ein annan by for å reparere giret. Dei hadde lagt berre 500 meter ifrå oss om natta utan at vi viste om kvarandre. Dei hadde fått ein ny by dei skulle få reparasjonen gjort i, og segla derfor med oss halve dagen i dag og. Det er mykje moro med Endely, vi håpar reparasjonen går raskt slik at dei tar oss igjen ganske snart!
Så kjem vi igjennom ei sluse og inn i ein innsjø. Den er fire meter djup, og vinforholda er perfekte! Vi heiser seil, og kva skjer? Storseilet er kilt! IGJEN Vi prøver så godt vi kan, også med instruksjon av Morten via VHFen, men det er klin umulig å få det heilt ut. Vi gjer opp og seglar til neste sluse på berre forseglet.
Ny innsjø med litt mindre vind. Då prøvar vi oss igjen, og denne gongen får vi ut storseglet. Når segla var satt kom Arnt opp med nylaga varm gryterett. Fin vind, flatt “hav”, sol, autopilot og gryterett. Det var to nøgde kara på tur
Vi enda ferda i Sixhaven som er ei lita hamn i Amsterdam. Det var så trangt at du vil ikkje tru det. Rundt hjørnet og full stopp! Vi lurte på om vi måtte gå igjen då ei hyggelig nederlandsk dame roper til oss at båten vedsiden av dei skulle gå. Dermed fekk vi den beste plassen i heile hamna Ingen utanpå, og med utsikt til Amsterdam og ein liten hageflekk.
0 kommentarer til “Opptur, nedtur, opptur, Amsterdam”