Deprecated: preg_replace(): The /e modifier is deprecated, use preg_replace_callback instead in /home/vusers/domains/seiltur.no/wwwdocs/tempest/wp-includes/formatting.php on line 74
Strict Standards: call_user_func_array() expects parameter 1 to be a valid callback, non-static method GeoMashup::the_content() should not be called statically in /home/vusers/domains/seiltur.no/wwwdocs/tempest/wp-includes/plugin.php on line 57
I dag måtte vi flytte hamn. Vi skal gå ei rute igjennom Amsterdam med båtane, og den opnar dei berre om natta. Vi ligg derfor å ventar før den første brua, som opnar ein gong etter midnatt.
Vi har hatt eit liste mysterium ombord i Tempest. Når vi seglar og ser opp i riggen mot sola ser vi masse trådar som ser ut som spindelvev. Vi har spurt vår “seglingsmentor” ombord i EmBlem, Morten, om kva dette er, og han driv å fortel oss at det faktisk er spindelvev frå edderkoppar. Vi har hatt vanskeleg for å tru dette, og i dag meiner vi å ha avslørt han. Vi ferska to av mannskapet frå EmBlem i riggen vår, to luringar som vi mistenker å legge igjen litt “spindelvev” for å lure oss
Forutan å lure oss opp i Stryn med spindelvev, har Morten også vert med å se på seglet vårt. Han rulla ut og fekk oss til å ta det ned. Det viser seg at to av spilene var øydelagde, og at det er det som har ført til at vi har så store problem når vi skal rulle det inn og ut. No har vi kontakta dei som har laga seglet for å sjå om det er noko å gjere med problemet. Vi tenker å bytte to spiler i toppen til flate istedenfor runde, men ventar no på telefon frå leverandøren angåande kva dei anbefaler. Jammen godt å ha reisefølgje med erfaring, tusen takk til Morten som tar seg tid til å veilede to villfarne vestlendingar!
Ellers har vi brukt dagen i Amsterdam. Vi går rundt og ser på alt det rare, og her er mykje rart! Vi var så heldige å komme over ein artig plass der eg fekk Julia Roberts til bords, medan Arnt svinga seg på dansegolvet med Beyoncé. Amsterdam er heilt ålreit
I natt skal vi gå sørover heile natta, vi skal følgje ein lekter som dei opnar bruene for, så då endar vi etter planen opp ein stad sør for Rotterdam i morgon.
6 kommentarer til “Amsterdam - for ein by!”