Vel… som sagt i går hadde vi ein del å førebu til i dag. Tidevatn og strøm for dagens seglas, samt ein bilspelkamp mot Jørgen og Magnus i EmBlem.
Vi får starte med det positive, vi enda opp i Zeebrugge i Belgia (vi antar i allefall det, EmBlem låg her når vi kom, og det var dit dei skulle…). Berekninga av tidevatnet har vi begynt å få taket på, og vi hadde medstraum heile vegen! Sjølvsagt var vinden rett i mot, men det har vi begynt å venne oss til. Får berre håpe den snur til vi skal heimatt
Det vi bomma litt på i går var forberedelse til dagens store bilspelkamp. Overgangen frå kabal på PCen til bilspel på PlayStation viste seg å vere større enn vi trudde. Det er berre å legge seg flate og gratulere Jørgen og Magnus med ein overlegen seier! Men vi skal ha for engasjementet… (se bilete)
No ligg vi i ein marina innerst i ei stor industrihamn, og planen er å gå ned til Calais i morgon. Måndag kryssar vi den engelske kanal og tar forhåpentlegvis i mot Bengt og Inga som blir med å segle oss i posisjon til å krysse Biscaya. Om veret står den kjekke bi startar vi overfarten rundt slutten av neste helg eller starten på den veka.
Ellers har vi satt opp PlayStation på ønskelista, her må vi berre i hardtrening!


Onninen Express avdeling Florø har sponsa kablar og koblings- materiell.






Eg e lettare sjokkert over signala de sender ut, drinking and driving doesn’t mix! Men godt at de iallefall var voksne nok til å tape slik at småtrolla såg at det ikkje lønner seg med malt og humle innabords når ein skal køyre fort. Elles så må eg sei at vi har hatt knallvær dei siste dagane, nesten for tropenetter å rekne. Øla på Flåten (og Hjørnevikhagen i går sidan Flåten va sprengd) har smakt ekstra godt. Uheldigvis har eg allereie brukt mine tilmålte to veker med ferie i år så eg får ikkje nytt godveret til fulle. Tek det igjen til våren. Lukke til med forsering av den engelske kanal og hels til Bengt når han mønstrer på.
Henrik
Heisann
Følger fortsatt med og er imponert over oppdateringer. Men er ikkje tilfreds med capsen din Sten, har du ikkje Norgesfôr-caps? :-I