Deprecated: preg_replace(): The /e modifier is deprecated, use preg_replace_callback instead in /home/vusers/domains/seiltur.no/wwwdocs/tempest/wp-includes/formatting.php on line 74
Strict Standards: call_user_func_array() expects parameter 1 to be a valid callback, non-static method GeoMashup::the_content() should not be called statically in /home/vusers/domains/seiltur.no/wwwdocs/tempest/wp-includes/plugin.php on line 57
I dag har vi segla langs den Belgiske kysten. Fantastisk å få ein dag der vi kunne la motoren kvile og segla jobbe som dei skal.
Vi hadde ikkje Belgisk gjesteflagg, så vi var litt letta når vi kryssa grensa til Frannkrike og kunne heise gjesteflagg igjen.
Ellers nyter vi livet og koser oss når vi får segla. Då er det roleg og fint i båten, og vi kan holde på med andre ting enn å stampe imot sjøen. I dag har vi testa alternative kommunikasjonsmetodar dersom noko skulle svikte undervegs. Den beste nødantenna viste seg å vere sveisen til førstestyrmann!
Det er ikkje berre det franske språket vi slit litt med å forstå, vi leita igjennom heile biblioteket men fann aldri ut kva dette sjømerket betydde…?
Vi ligg no i Calais, ei industrihamn der vi berre ligg ei natt før vi i morgon kryssar den engelske kanal. Det kriblar litt i magen når vi tenker på vi med ein liten 36 fots seglbåt skal krysse verdas mest traffikerte skipsled på tvers…
1 kommentar til “Snartur til Frankrike”