Deprecated: preg_replace(): The /e modifier is deprecated, use preg_replace_callback instead in /home/vusers/domains/seiltur.no/wwwdocs/tempest/wp-includes/formatting.php on line 74
Strict Standards: call_user_func_array() expects parameter 1 to be a valid callback, non-static method GeoMashup::the_content() should not be called statically in /home/vusers/domains/seiltur.no/wwwdocs/tempest/wp-includes/plugin.php on line 57
Mellomste bror Bengt med forloveden Inga har mønstra på! Inga vert med fram til fredag medan Bengt vert med til vi er over Biscaya! Dette er luksus for oss to andre. Bengt fyk opp om morgonen og lagar egg og bacon og eggerøre og anna god frukost, medan Inga ryddar og vaskar og styrer på. Vi nektar dei ikkje, og nyt selskapet så lenge det varar
Det som ikkje er fult så moro er at skipperen med tungt hjerte har måtte gje landlov til besetningen. Det viste seg at alle tre dysene heng, slik at dieselen berre blir peisa på inn i motoren. Volvo Penta skulle levere delar og fikse det i dag, men har nett ringt og sagt at dei ikkje får inn delar før i morgon. Dermed vart det landlov, og resten av gjengen har dratt på stranda. Eg sit å prøver å finne ut når det passar med tidevatnet og straumen å gå vidare i morgon.
I stad var vi også bortom å helsa på ein annan norsk båt. I Calais traff vi ein svenske som fortalte om eit par i ein Maxi 95 som var i området og skulle på jordomsegling. Vi såg båten inne i havna her og gjekk bort å sa hei til Cecilie og Hugo som seglar båten S/Y Serendipity. Eit ungt hyggeleg par som nett no gjekk ut hamna for å segle vidare til Brighton. Det var også vår plan, men vi ligg altså igjen her…
Ellers fekk vi ein hyggeleg telefon frå onkel Hjalmar i går kveld. Han og tante Helga, ilag med onkel Sigmund og tante Sigrunn har bestilt tur til Las Palmas på same tid som vi startar ARC-regattaen. Vi gler oss til å møte dei i Las Palmas, og er spent på om dei har krabber der så vi kan få til ein krabbefest:-)
0 kommentarer til “Friskt blod og landlov…”