Deprecated: preg_replace(): The /e modifier is deprecated, use preg_replace_callback instead in /home/vusers/domains/seiltur.no/wwwdocs/tempest/wp-includes/formatting.php on line 74
Strict Standards: call_user_func_array() expects parameter 1 to be a valid callback, non-static method GeoMashup::the_content() should not be called statically in /home/vusers/domains/seiltur.no/wwwdocs/tempest/wp-includes/plugin.php on line 57
No er det feststemning ombord! Vår gode ven (og fetter) Benny stiller sjølvsagt opp. Har prøvd å få tak i han lenge, men hadde vist feil nummer. I dag fekk eg det rette, og han er sjølvsagt med!
Samtalen gjekk omtrent slik:
- Hei Benny, har du ferie?
- Ja
- Kom til England og segl over Biscaya med oss då!
- England, regner det ikkje der då?
- Ehh… jo… men vi skal jo segle til Spania. Der er det 28 grader og sol!
- Åja, skal vi det… ja det må vi vel få til, kor i England skal eg fly til?
Ærevære spontane sjeler! Dette er andre gongen på to år at Benny hiv seg rundt for å segle litt med oss. I fjor låg vi i Strømstad og skulle over til Skagen. Kom på at Benny var i Danmark. Ringte han, og dagen etter var han på vei!
Arnt var i butikken når eg snakka med Benny. Sendte han gladmeldinga, og han bytta sporenstreks innhaldet i handlekorga. No har vi nett kosa oss med fløytesurra kotelettar etter ei oppskrift som bestefar pleide å bruke, og stemninga i Tempest er på topp. Som de ser av bildet er det ikkje første gong Benny trimmar segl ombord i denne skuta, så dette kjem til å gå unna, Spania - here we come!
No blir det nøye overvaking av veret framover dei neste dagane, vi tar ingen sjansar og går ikkje dersom vi ikkje får dei meldingane vi vil ha. I tillegg held vi også kontakten med båten S/Y Good Mood som ligg i Falmouth og ventar. Vi kjem til å prøve å gå nokolunde samstundes, også det for å ha litt ekstra sikkerheit.
Arnt og Sten - glad i fetter Benny!
PS: Takk også til Rolf og Anne Sofie for helsing. Kjempegøy at slekta stiller i LasPalmas! Vi gler oss stort
10 kommentarer til “Mannskapet i boks, Benny stiller!”