På grunn av stive hamneprisar har vi leita etter ei hamn som ville passe på Tempest for ein litt billegare penge medan vi er heime ein tur. Det har vi funnet, og i dag gjekk vi over til Mayflower Marina. Den er ikkje like beskytta mot ver og vind som Sutton Marina midt i sentrum, men vi tjorar for storm, og håpar hamnevakta gjer som han lova og held eit ekstra auge med skuta vår.
Midt i fortøyinga tikka meldinga vi har venta på ei stund inn på SMS. Vi har forstått at onkel Hjalmar har hatt lyst til å vere mannskap over Biscaya, og no kom påmeldinga! Han ville vere med, og hadde fått klarering frå øvste hold. Det er alltid mykje moro med onkel Hjalmar, så vi gler oss til å få han ombord som ekstra mannskap over “vikja”. Det var utruleg greit å få mannskapsbekymringa ut av hovudet, og sjølv om det er litt surt og kaldt her i England håpar vi han også har tid til å nyte nokre varme dagar med oss på den andre sida. Det einaste som no bekymrar skipparen er om han får behalde rolla si ombord. Onkel Hjalmar har både pipe og skipperlue, og skal det gå etter ansenitet er eg redd vi to brørne endar som fokkeslaskar begge to
Vi handla rask, her skulle han ikkje få angrefrist, så vi heiv oss over flybestillinga med ein gong. Ikkje veit eg om det var tilfeldig, men i det vi trykka på bekreft stig det tre strame karar ombord og banka bestemt på taket. “Hello, Custom!” Vi sto straks i giv akt og presenterte det vi hadde av papir på både mannskap og skute. Dei noterte dei vesentlege detaljane, men verka meir interessert i å prate om kossen vi kunne ha råd til å reise eit heilt år utan å jobbe. Dei verka ikkje heilt framande for tanken sjølve. Dette var første møte med tollvesenet på denne turen, og det gjekk jo fint. Berre ein hyggeleg prat og utveksling av nokre papir, dei var ikkje ein gong inni båten. Vi såg vel ut som kjekke og greie gutar då!
Dagane vi har loge her i Plymouth har vi nytta til anna forefallande arbeid. Vi har snudd ein del av skapa slik at dei opnar seg oppe og ikkje nede, alle som har prøvd å opne eit fullt skap i skarp kryss skjønner tanken bak det! Vi har også oppdatert loggboka som no viser at vi så langt har gått 1.606,2 nautiske mil. Ellers har vi hatt orkesterplass til British Firework Champiionships. Ei heilt fantastisk oppvising som gjekk over to kveldar!
No har vi pakka og gjort klart for heimreise, det gjenstår berre ein siste vask. Må jo ha skuta presentabel no når slekta skal mønstre på! I morgon tidleg hiv vi oss på toget til London, så er vi i heimlandet i løpet av dagen:-)


Onninen Express avdeling Florø har sponsa kablar og koblings- materiell.






Hei Tempest
Gratulerer med mannskap! Vi ligger på Jersey. Har i dag med “tungt hjerte” sendt kartplotteren til Portsmouth i England for reparasjon. Har den muligens ikke tilbake før neste uke. Her er det jo hyggelig så det er bare å ikke tenke på evt. forsinkelser. Mamor Fati kom inn hit i går. God tur hjem.
EmBlem
Hei Gutar. Flott at dere nå har fått med onkel over BISCAYA. Da er det bare å sette kursen sydover så snart dere er tilbake og været er bra. Har fått en fin værside, www.passageweather.com Viser også bølger som bare blir mer og mer viktig når dere kommer sydover. Hvordan fungerer antenneforsterkeren? Ser at vi absolutt trenger en.
Hilsen Mango
Ser at det er en sjarlatan som utgir seg for å være meg!!! Det kan vel ikke tilfeldigvis være han derre fyren som til stadighet lusker rundt Mango?!? Hjalmar er kul, han har til og med egen sang! Bra du har fått deg antenne, så slipper du å bli tante
hilsen Tone
Godt at mannskapet er på plass!Gratulerer med salg av leiligheten! Ser jo ut til at alt ordner seg for greie gutter! Vi regner med å være i Plymouth om et par dager, skal bli kjekt å treffe dere igjen! Er meldt om et høytrykk i midten på nesste uke, tvi, tvi…..!
Hilsen fra Erik og Endely crewet!
Hei, Eg har høyrt at syster Siri har hijacka Sten/Tempest og skvisa seg med på seglasen dykkar. Håpar at ho oppfører seg eksemplarisk og at ho slepp synge Enya/sailaway sailaway evt andre merkverdige seglas syssler de kan ha lagt dokke til med. obs obs ikkje spill kort med ho dykk kjem til å tape. 1000 hils frå Mari