Deprecated: preg_replace(): The /e modifier is deprecated, use preg_replace_callback instead in /home/vusers/domains/seiltur.no/wwwdocs/tempest/wp-includes/formatting.php on line 74
Strict Standards: call_user_func_array() expects parameter 1 to be a valid callback, non-static method GeoMashup::the_content() should not be called statically in /home/vusers/domains/seiltur.no/wwwdocs/tempest/wp-includes/plugin.php on line 57
Då har vi skrudd av motoren, og genkeren er oppe! Vi går med mellom 5,5 og 7 knop retning rett mot LaCoruna.
Alt vel, vi koser oss på eit paddeflatt hav. Har hatt egg og bacon til frukost som blei nytt ute i overskya men pent vær.
Ei lita krise har vi dog hatt. Vi gjekk tom for kaffi utpå morgonkvisten, eg trur det var hakket før frisøren la på svøm til Brest. Heldigvis fann vi att ein pakke godt gjømt under dørken. Krisa var avverga, og alt er berre velstand igjen.
Det einaste som manglar no er delfinar. I natt medan kapteinen sov krydde det av delfinar (vistnok, eg begynner å bli i tvil), men no er det ingen her. Vi skal prøve med Hjalmar sitt munnspel, mulig det er det som lokkar dei…? Ellers går nattevaktene veldig fint, vi delar natta i to. Vaktskifte klokka 3. Vi er alltid to på vakt samtidig.
Reknar fortsatt med vi er inne seint fredag kveld/natt. Har no kontakt med både Amor Fati og Endely på VHF. EmBlem har nok selga litt langt i fra oss.
Vi koser oss og har det bra!
2 kommentarer til “Genaker!”