Arkiv for september, 2008
Vi har sett ei havskilpadde!
Gyngar oss fortsatt mot (ja, heilt rett Jan) Porto Santo som blir første stopp. Har fortsatt augekontakt med både Ruffen og Leikaren, og Endely er innanfor VHFens rekkevidde. Alt vel ombord hos alle.
Då er vi godt i gang, og første natta har gått over i dag. Vinden har vore mellom 18 og 25 knop, litt over i blandt. Bølger på rundt 3 meter kan vi tenke oss, men dei blir nok store som hus når historia blir gjenfortalt Alt vel ombord, vi har reva godt ned i natt for å få ein rolegare båt, men det gjyngar jo fortsatt godt. Nett no ser vi Ruffen på sida av oss, Leikaren er rett bak og vi når han på VHF. Endely ligg ca 15 nautiske forran og vi har også snakka med dei på VHF. Opportune når vi ikkje på VHFen, men dei ligg nok framme med Endely. Dei når dei iallefall på VHFen. Alt står dermed bra til med heile den norske konvoien.
No føles det endeleg som vi har ferie. Vi ligg fortsatt i Cascais, og nyter været og varmen på svai i bukta utanfor hamna. Vi føler ikkje lenger noko press i forhold til tida vi treng for å komme oss sørover, været er herlig og shorts er kvardagsantrekket
I dag tidleg satt eg på dekk og såg utover båtane som ligg her, ikkje mindre enn 9 av dei som ligger på svai her er norske. Det er, forutan oss:Rhapsody in Blue, Good Mood, Las Primas, Endely, Ruffen, Opportune, Motgang og Leikaren. I tillegg ligg Røvær i hamna, medan EmBlem og AmorFati litt lenger inne i Lisboa. Ganske unikt at så mange meir eller mindre tilfeldig har samla seg her.
Etter å ha nytt badelivet i to dagar forflytta vi oss innover til Baiona. Det er alltid vanskelig å få tatt bilete av bølgjene, men denne gangen hadde vi EmBlem seilande rett bak, og då er det litt lettare å sjå. Sjekk båten forsvinner bak bølgja, berre segla var synlege i periodar. Det er litt meir havdønningar her enn det vi er vande med heimifrå.
Tempestbrødrene er nå så glade for sol og sommer at vi har gått rundt på hendene i to dagar
Etter nokon fine dagar i Vigo fann vi ut at no er det på tide med litt strand og badeliv. Vi satte derfor kursen ut mot øyene Islas Cies som ligger rett utanfor Vigo. Ein nasjonalpark der det er ganske begrensa kva du får lov til å gjere, men å bade og kose seg i sola var heldigvis lov!