Leixoes

VakthavendeNydeleg dag med flatt hav, sol, delfinar og lesing på dekk. Dette er bortimot det vi har drømt om. Det einaste som mangla var vind som vi kunne segle i.

FiskepinneFrå tidlegare bloggar har vi høyrt at det ar massevis av fiskebruk langs Portugal. Nokre “fiskepinnar” (sitat: Tone på Mango) har vi måtta svinge unna, men i forhold til kor mykje det er skrive om dei vart vi ikkje skremt. Men å gå om natta nært land her trur eg nok kan vere ein rissikosport ja…

DelfinerFleire DelfinarEnda fleire DelfinarVi prøver stadig å få det perfekte delfinbilete, men det er vel berre å innsjå at dei er kjappare enn oss. Kvar gong eg er sikker på eg har eit blinkskot er det berre vatn å sjå på biletet.

PortugalVi har i dag segla inn i Portugal. Ligg no i hamna i byen Leixeos. Ikkje so veldig spanande hamn, men vi skal berre overnatte for å segle viare til Figueira da Foz i morgon. NB: Bekledningen er ikkje heilt sommarleg. Vi starta klokka 07:00 og temperaturen om natta er ikkje heilt på høgde enno! Vi fortsetter difor sørover ;-)

 

0 kommentarer til “Leixoes”


  1. Ingen kommentarer

Skriv en kommentar