Peniche

Soloppgang Det går litt opp og ned med varmen, i dag har vi igjen hatt ein heilt fantastisk dag på sjøen. Sola var framme, havet var flatt og delfinane leikne! Dette nyter vi :-) Vi gjekk 07:00 i dag og, og fekk ein fantastisk soloppgang på kjøpet!

Arnt er nøgd :-)Arnt er rimeleg nøgd med at han fekk finare bilder av delfinane enn det eg fekk til. Påstår han er raskare på avtrekkaren!?!

 

Delfinbilde 1Delfinbilde 2Delfinbilde 3

Ellers tok vi ganske mange bilete i dag, eg har lest ut boka mi og treng ei pause før eg hiv meg over neste… Her er nokre fiskarar.

Fiskarar 2FiskararEmBlem vart inspirert og heiv seg på fiskinga dei og ;-)

 

PenicheOg her er spissen vi runda før innseglinga til Peniche.

EmBlem og Amor FatiAmor Fati og EmBlem på trygg avstand bak TurboTempest ;-)

Det kan vel kallast ei fiskehamnNo ligg vi i det som mildt sagt kan betegnast som ei fiskerihamn. Masse trafikk av fiskebåtar som lagar store bølger, så det blir spanande å sjå kor roleg natta blir… Men byen var veldig koselig!

I morgon går vi ned til Cascais. Der blir vi nok til over helga.

4 kommentarer til “Peniche”


  1. 1 trollet

    eg ser dåkke sensurerer mitt innlegg ang. vestligste fastlandspunkt. det e tross alt stad, og vestkapp som er det- og ber om kommentar istedetfor sensur…..ikkje et punkt ved spania.

  2. 2 Sten Ingve Hellevang

    Hei “Trollet”

    Du blei sensurert automatisk av ein eller annen grunn, eit filter reagerte sikkert på koordinatane…? Har gjennoppretta posten no.

    Vi trodde vi viste hvor vi var, men blir jo usikker. Vi er gode på tur, ikkje fult så gode på geografi;-) Men korleis kan eit punkt med østleg koordinat ligge lenger vest enn eit punkt med vestlig koordinat? Vi tar gjerne imot ein geografitime dersom du har tid og anledning ;-)
    Sten og Arnt - i Portugla, trur vi!

  3. 3 Ola

    (kanskje en norsktime også)

    Hei gutter! Ser at det var lurt å skifte propell. Du må sette igang med bok to Sten, da vil du se at Lisbet Salander holder seg i Gibraltar og det er jo ikkje langt unna no. Og morderen er han med skjegget…..

  4. 4 trollet

    Må sjekke dette litt nøyere, men hvilke koordinater hadde dere da dere passerte det vestligste fastlandspunktet på vei til portosin?

Skriv en kommentar