Deprecated: preg_replace(): The /e modifier is deprecated, use preg_replace_callback instead in /home/vusers/domains/seiltur.no/wwwdocs/tempest/wp-includes/formatting.php on line 74
Strict Standards: call_user_func_array() expects parameter 1 to be a valid callback, non-static method GeoMashup::the_content() should not be called statically in /home/vusers/domains/seiltur.no/wwwdocs/tempest/wp-includes/plugin.php on line 57
Enda ein flott seglingsdag når vi gjekk frå Peniche til Cascais. Gjekk med motor i lite vind, men vart lei på slutten og satte Genaker dei siste mila inn til Cascais. Fantastisk å segle litt igjen, sjølv om det var i minste laget med vind og gjekk seint. Eg trur forresten vi har funnet varmen
No ligg vi på svai utanfor ein flott marina i Cascais. Litt tilfeldig har det faktisk samla seg 10 norske båtar på veg sørover her i bukta. Veldig sosialt, i går kveld var alle samla på strandfest på bystranda. Mange drar vidare over til Madeira herifrå, nokon dreg nedover til Algarvekysten. Vi er litt usikre på kva vi gjer, men vurderar sterkt å henge oss på dei som skal til Madeira no.
Ellers er Cascais ein flott by. Vi har vert på land i dag og handla litt, i morgon blir det vel ein lenger tur for å utforske byen. Måndag vurderar vi å ta toget inn til Lisboa og sjå kva den byen har å by på.
8 kommentarer til “Cascais”