No føles det endeleg som vi har ferie. Vi ligg fortsatt i Cascais, og nyter været og varmen på svai i bukta utanfor hamna. Vi føler ikkje lenger noko press i forhold til tida vi treng for å komme oss sørover, været er herlig og shorts er kvardagsantrekket
I dag tidleg satt eg på dekk og såg utover båtane som ligg her, ikkje mindre enn 9 av dei som ligger på svai her er norske. Det er, forutan oss:Rhapsody in Blue, Good Mood, Las Primas, Endely, Ruffen, Opportune, Motgang og Leikaren. I tillegg ligg Røvær i hamna, medan EmBlem og AmorFati litt lenger inne i Lisboa. Ganske unikt at så mange meir eller mindre tilfeldig har samla seg her.
Siste tilskuddet var Endely som kom inn i går. Dei har vi jo reist mykje med, og det var kjedeleg når dei vart liggande att med motortrøbbel. Men gjensynsgleden var stor, og resulterte i ein solid ankerdram uti dei små timar.
Ellers har vi vert ein dag inne i Lisboa. Vi for inn til hamna for å legge jolla hos eit av båtane der, då det viste seg at Amor Fati skulle kaste loss for å segle til Lisboa. Vi vart påmønstra som ekstramannskap, og dermed kan vi krysse av for at vi har segla til Lisboa og. Lisboa var ein spanande by med mykje rart å sjå, og vi var skikkelege turistar som prøvde det vi kom over av moro.
Vegen vidare er vi ikkje heilt sikre på enno. Vi får besøk av Runar Ulriksen på fredag. Han vert med i to veker, og innan den tida har vi nok kryssa over til Madeira. Vi ligg og sjekkar været litt dag for dag no, så får vi sjå når det vert vindar som passar. Vi vil helst seile over, er nok litt lei av motor og motvind…
Men, som sagt, i mellomtida ligg vi her og nyter livet. Vi er ikkje vande med å ligge på anker, det skal litt til å stole på at det held, men trua kjem seg dag for dag. Vi byrjar også å venne oss til å bruke jolla som “bil”. Cascais er ein flott by, været er flott, her er masse kjekke folk og vi har det bra!
Sten og Arnt, på ferie ![]()


Onninen Express avdeling Florø har sponsa kablar og koblings- materiell.






God ferie, har vært mye i Lisboa, flott by:-)
Nå er Skarpsnoposten sendt alle medlemmene. Der har jeg skrevet om at dere er reist på en “liten jordomseiling”, og jeg publisert adressen til hjemmesiden deres. Selv har jeg stor glede av å lese reisebrevene. Jeg er imponert over hvor flinke dere er til å fortelle om alt. Kanskje kommer jeg nedover for å lage en reportasje til Skarpsnopostens lesere?
Høyde og fart! Hilsen Hans Olaf, formann i båtforeningen.
Da var det flott at vi kom og fikk satt Arnt i arbeid. Han klaget på at det var alt for lenge siden han hadde vært i arbeid, men så kom jo vi! Enda en gang takk til dere to Hellevangere, alltid ja når en spør om hjelp!
Hilsner fra Endely crewet!
No var det på tide med ein oppdatering ! Kjempekjekt at Endely er blant båtane att. Håpa dei slepp meir trøbbel no …
Elles må eg jo berre inrømme at tankane mine framleis er på segltur. Har prøvd å avstresse med ein tur i båten, lagt meg nedpå berre for å høyre litt skvalping, men det er ikkje det same… I går såg eg ein 44 fot Bavaria til salgs for 950.000,-. Den ligg i Karibien med alt tenkeleg utstyr. Eigaren måtte selge den å dra tilbake til Sverige. DET hadde vore noko for onkel Hjalmar det !!! Ja,ja, eg har jo lov å drøyme…
I dag har Helga og eg vore på fjellet. Nydeleg høstvær. Vi var oppe i 1116 moh. Godt å komme heimatt i godstolen!
Kos dokke vidare !! Hels alle eg vart kjende med og ta ein skål frå meg!!!
Jada. ER misunnelig. Sit i regntunge Florø og prøver å følge med og drøyme meg vekk. Og det hjelpe litt. Lukke til vidare kara!
Hei Sten og Arnt,
Om dere foeler at dere har ferie og har det flott der dere er naa, bare vent…….Her nede er det noen hakk hvassere baade med tanke paa temperatur i luft og vann, med omgivelser som tar lufta utav en.
Gled dere…
Hilsen fra HILDE paa Lanzarote