Arkiv for oktober, 2008

Sydenliv

I og med båten er heile livet nett no, er det lett å gå litt i kjellaren når ein så viktig del som motoren berre skapar problem. Men det ordnar seg helst for kjekke gutar, no går den, og vi tek nokon veker ferie før vi startar på ARC-forberedelsane.

Anfi del MarPuertoRicoI går starta vi grytidleg. Vi var usikre på kva det ville seie å verte ein “kartoffel”, som Tone i Mango proklamerte at sistemann til Mogan vart. Men noko bra er det heilt sikkert ikkje, så vi var oppe og i gang klokka 04:00. I Las Palamas traff vi forresten så vidt båtane To Fluer, Lucey Blue og Tatt av vinden, og forsynemeg kom det ikkje ein båt med norsk flagg sigande inn i hamna nett i det vi gjekk ut. Det var båten Madonna som også skal delta på ARC, så vi treff nok dei igjen når vi kjem oppatt til Las Palmas.

Fortsett å lese ‘Sydenliv’

Motoren går!

Den starta, og går!

Fantastisk å kunne testkøyre motoren i kveld og finne alt ok :-)

Fortsett å lese ‘Motoren går!’

Litt tall og slikt

Medan motoren er demontert tjuvstartar vi litt på forberedelsane til ARCen her i Las Palmas. I dag har vi hatt handledag.

Fortsett å lese ‘Litt tall og slikt’

Tempest utan motor

Slik ser motorrommet ut nåServicemannen frå Volvo PentaSå var vi i gang. Ligger i hamna med demontert motor. Men vi er positive, alt går etter planen. Volvo Penta her stiller presist kvar gong, og har hittil gitt eit veldig godt inntrykk. Dei har også skaffa oss ein brukt topp som dei gjer 6 mnd garanti på.

Fortsett å lese ‘Tempest utan motor’

Las Palmas

Vi er på Las Palmas, i ARC hamna. Nettet er så dårleg her at eg held på å sprikke av irritasjon, men ellers er alt bra ;-)

Fortsett å lese ‘Las Palmas’

På veg til GranCanaria

Tilfreds :-)Det føles merkeleg. Hit reiser mange nordmenn på”sydenferie”. Vi kjem i morgon tidleg seglande i same båten som vi har plaska rundt inni Oslofjorden med. Spesiell stemning i båten i dag. Passeleg vind inn 90 grader babord, god båtfart for berre segl, og strålande sol frå skyfri himmel.

Fortsett å lese ‘På veg til GranCanaria’

Selvagens Islands

Meir utsikt frå BaseCampDet var såpass spesielt å være her ute, midt i havet på ei bittelita øy, at vi er her fortsatt. Løyvet vi har innhenta gjer oss muligheten til å være her i opptil 48 timar.

I går gjekk dagen til å utforske eit av øyene. Ser av andre sine bloggar at toppturar er poppulært, så vi fann ut vi skulle bestige toppen på øya her vi og.

Fortsett å lese ‘Selvagens Islands’

På anker

Så har vi kasta anker, og er klar for dram :-) No håpar vi vi sit fast her til i morgon ettermiddag. Skulle vi drive av driv vi no iallefall rette vegen :-)

Fortsett å lese ‘På anker’

Roleg natt

Så var ei natt på havet over, Rolege forhold, med litt lite vind. Har blitt noko motor, men også litt segl. Las Primas hadde vi kontakt med på VHFen, men såg dei ikkje så lenge det var mørkt. Men vi har ein annan medseglar som vi ikkje veit kven er rett bak på babord side. Han har loge stødig der igjennom heile natta.

Fortsett å lese ‘Roleg natt’

På havet igjen!

Så var vi endeleg på havet igjen! Vi starta klokka 06:50 i dag tidleg, og har nytt ein strålande dag med passeleg overskya ver. Litt lite vind, mellom 6 og 9 knop, men vi seglar i mellom 4 og 5 knop og nyter livet.

Fortsett å lese ‘På havet igjen!’