Så går tida på Madeira mot slutten. I morgon setter vi kursen mot Selvagens Islands, to miniøyer som ligg mellom her og Kanariøyene. Området er eit naturreservat, og vi har måtte søke om tillatelse til å få stoppe innom. Det fekk vi, med fint stempel og det heile, så i morgon set vi og LasPrimas kursen. Good Mood gjekk i dag, så dei reknar vi også med å treffe der ute.
Vi har også her lagt igjen vårt “visittkort” på kaia. Det skal vistnok bety lukke, og det treng vi jo! Denne gongen vart også AmorFati inspirert. Andrea viser stolt fram resultatet.
Ellers har vi på kveldinga benytta oss av “Las Primas masteservice”. Dei får ikkje tak i LED pærer her, og vi har jo genialt nok montert ei som motorlanterne. Som den observante forstår er ikkje poenget i det særleg stort, i og med det ikkje er noko behov for å spare strøm når dynamoen likevel er gang. Dermed fekk dei kjøpe vår, og bytte inn ei vanleg pære der.
Og når Cecilie først var oppi der tok ho likegodt ein tur heilt opp og smurte kontaktene i vindmålaren. Den har juksa litt, så no håpar vi på “berre velstand”.
Men ikkje alt er berre velstand! I dag skulle jo mekanikeren frå VolvoPenta komme igjen. Han kom, med tolk, utan deler! Han hadde funnet ut at heile toppen måtte skiftast, og det måtte eg godkjenne før han bestillte. Det kunne han ikkje sagt forrige torsdag? Eg fekk dei delane han hadde fått tak i, og sendte heile fyren heim igjen. Om du har motorproblem i Funchal, segl forbi. VP her er det iallefall ingen poeng i å kontakte.
Stian frå Good Mood derimot, han er det alltid tak i. Han satte sammen motoren igjen med dei delane vi hadde. No går den slik den gjekk, ikkje som den skal, men godt nok til at vi kjem oss inn og ut av hamn. Imellom der skal vi jo segle
Takk til Good Mood som alltid stiller opp, Tempest er evig taknemlig! Så får vi sjå om vi ikkje finn nokon delar og ein språkmektig mekanikar på Kanariøyene. Om ikkje har Onkel Hjalmar skaffa oss heile verkstedsmanualen på motoren vår, så får vi jo sjå om vi ikkje skrur litt sjølve:-) Takk for innsatsen til deg og onkel!


Onninen Express avdeling Florø har sponsa kablar og koblings- materiell.






Ja, det spørs om dokke må skrue sjøl! Får håpe de er heldigare med VP mekanikaren i Las Palmas då. Det er mykje “manjana” der så ver tidleg ute. Men at toppen er gåen høyrest utruleg ut !!
Ha ein fin tur og kos dokke med LasPrimas damene !!!
Hei
Triveleg å fylgje doke mot varmen.
VP har eg kutta ut for mange år sidan, berre problem.Hadde VP i dei to fyrste båtane mine og aldrig meir.
Yanmar er tingen
Lukke til vidare.