Deprecated: preg_replace(): The /e modifier is deprecated, use preg_replace_callback instead in /home/vusers/domains/seiltur.no/wwwdocs/tempest/wp-includes/formatting.php on line 74
Strict Standards: call_user_func_array() expects parameter 1 to be a valid callback, non-static method GeoMashup::the_content() should not be called statically in /home/vusers/domains/seiltur.no/wwwdocs/tempest/wp-includes/plugin.php on line 57
Så var vi endeleg på havet igjen! Vi starta klokka 06:50 i dag tidleg, og har nytt ein strålande dag med passeleg overskya ver. Litt lite vind, mellom 6 og 9 knop, men vi seglar i mellom 4 og 5 knop og nyter livet.
Kjem til å ta si tid om vi ikkje får litt meir vind, men kven har vel dårleg tid? Vi har gjort klart for mørket. Seglar med kun forsegl på spribom. Vinden er så aktenfra at med storsegl oppe vil ikkje genoaen stå skikkeleg. Vi har brukt genaker i dag, og kunne ha gjort det no og, men vil ikkje sitte å vokte den i mørket. Har kontakt med jentene i Las Primas på VHFen. Dei gjekk nokon timar etter oss, og er stadig innhentande. Dei har vistnok litt betre vind enn oss, så vi håpar dei kjem fram hit med den Dei har segla med spinnaker i periodar, men tok den ned no når vinden dreia litt og mørket snart kjem sigande.
3 kommentarer til “På havet igjen!”