Det føles merkeleg. Hit reiser mange nordmenn på”sydenferie”. Vi kjem i morgon tidleg seglande i same båten som vi har plaska rundt inni Oslofjorden med. Spesiell stemning i båten i dag. Passeleg vind inn 90 grader babord, god båtfart for berre segl, og strålande sol frå skyfri himmel.
Vi er glade og snakker om alt besøket som kjem til GranCanaria i begynnelsen av november, no sist Beathe som vi fekk melding om i dag tidleg. Blir gøy å treffe dykk alle. Vi skal snart til med klargjøring for natta her, dersom vinden held seg blir det full seglføring. Vi får sjå meldingane an, når eg kobler opp og sender blogg får eg samtidig ned nye gribfiler. Natta og vaktordninga begynner når det blir mørkt, ca klokka 20:00
Alt vel ombord, veldig vel faktisk
Sten og Arnt, i “Syden” med Tempest


Onninen Express avdeling Florø har sponsa kablar og koblings- materiell.






Hehe.. At de sniglar dykk nedover, og klarar å bruke seksten og ei halv veke på å komme til Syden, medan vi gjer det på 8 timar MÅ jo vere eit bra plott til ny REMA film i rekka “Det enkle er ofte det beste”.
Gler meg til nærare stemningsrapport. Har de starta og planlegge grisefesten?
Godt å høyre at de er på veg til Canari Islands.
Eg har billett til Las Palmas 13.november, var billegast då. Laptoppen min blei stjelt og dermed forsvann også ei lita førstehjelpshefte eg hadde laga, utruleg irriterande, for det var ganske fint, men satsa på at eg skal ha noko klart til eg kjem nedover.
Håper de får ein fin seglas ut til øyene.
Hei!
Flott at de kosa dokke !! No tek det til å nærme seg besøk og. Vi er i ferd med å klargjere oss til turen. Går litt fortare med oss, men eg skulle gjerne bytta transportmiddel. Elles sender eg ein mail ang. rep. av motoren…
Dette må vel kunne kallast eit stort del-mål! Her oppe er høsten godt etablert med masser av regn, trur faktisk det va antydninger til hagl tidligere i dag. Så no er eg veldig keen på å reise nedover og besøke dåkke på Kanariøyene. Dessverre trur eg det vert litt for bråkjekt å gjennomføre med tanke på økonomien i det heile, så eg får vel heller bite tenna sammen og heller trøste meg med at det blir bra til vinteren/våren. Vi snakkast!
Henrik.
Vi er framme, men dårleg med nett her! Er på land ein tur for å luske til meg koden frå ein bar, ser ut til at det gjekk greit. Går tilbake til båten og testar, så kjem vi tilbake med oppdateringar og bilder
Lokalavisa melder no i kveld at de er på veg til Gran Canaria
http://www.firdaposten.no/lokalnytt/article3839016.ece