Selvagens Islands

Meir utsikt frå BaseCampDet var såpass spesielt å være her ute, midt i havet på ei bittelita øy, at vi er her fortsatt. Løyvet vi har innhenta gjer oss muligheten til å være her i opptil 48 timar.

I går gjekk dagen til å utforske eit av øyene. Ser av andre sine bloggar at toppturar er poppulært, så vi fann ut vi skulle bestige toppen på øya her vi og.

Jolla med Tempest og LasPrimas i bakgrunnenLang vandring på sand mot foten av fjelletVi starta ekspedisjonen med å ta jolla inn til øya. Båtane låg tandemankra midt i Atlanterhavet, men vi satt godt så vi stolte på dei ville ligge der når vi kom tilbake.

Base Camp 1Utsikt frå BaseCampVi døpte det oksefjellet, her ser du kvifor…Vi valgte eit av dei minste øyene på naturreservatet. Lite vegetasjon, men masse fuglar. I eit av hulene som det ikkje budde fuglar i etablerte vi BaseCamp1, det er viktig å ikkje stige for raskt opp i høge høgder.

Det var hekldigvis godt skilta ;)Klatre måtte vi ogToppen er nådd!Heldigvis var det godt skilta! Etter ei lang økt med vandring og hard klatring nådde vi alle toppen.

 

Godt med sjokoladekake etter ein lang dag på fjelletVi var usikre på kor lenge vi kunne vere oppe i 52moh utan ekstra surstoff, så vi venta med sjokoladekakeniste og kaffi til vi var nede igjen på stranda. Alle var sjølvsagt einige om at det hadde vert ein fin tur :-)

For dei som samlar på kakeoppskrifter legg vi også ut oppskrifta på Sjokoladekake à la Tempest

1. Sjå etter ein båt med Møllerens flagg i riggen.
2. Bytt litt tjenester, så får du ein pakke Møllerens Kakemons Brownies.
3. Sjå etter ein båt med to kusiner med sjokoladeabstinens.
4. Overlever Kakemonspakken og ei kakeform.
5. Vent i ein times tid.
6. Inviter jentene over på kaffi.
6. Spis :-)

No er vi øyeblikkeleg klare for avgang igjen. Las Primas går til øya La Palma. Vi setter kursen mot byen Las Palmas de Gran Canari. Vi vil innom der no ein tur for å få til ein avtale med motoren. Vi håpar dei kan se på den og bestille delar osv no, slik at dei kan reparere den seinare når vi ligg der i ARC-havna.
120nm til Las Palmas, så vi reknar med å være framme i morgon tidleg ein gong.

1 kommentar til “Selvagens Islands”


  1. 1 Odd Jarle

    Kjekt å lese at også du har blitt bitt av toppturbasillen

Skriv en kommentar