Deprecated: preg_replace(): The /e modifier is deprecated, use preg_replace_callback instead in /home/vusers/domains/seiltur.no/wwwdocs/tempest/wp-includes/formatting.php on line 74
Strict Standards: call_user_func_array() expects parameter 1 to be a valid callback, non-static method GeoMashup::the_content() should not be called statically in /home/vusers/domains/seiltur.no/wwwdocs/tempest/wp-includes/plugin.php on line 57
Medan motoren er demontert tjuvstartar vi litt på forberedelsane til ARCen her i Las Palmas. I dag har vi hatt handledag.
Først ein masse båtutstyr på butikken som ligg i hamna her. Der jobbar det faktisk ein nordmann, så språket var iallefall ingen barriære. Det som ikkje var fult så bra var at prisane også var tilnærma norske… sjølv med ARC rabatten på 10% Vel, ikkje heilt kanskje, men spesielt billeg var er det iallefall ikkje.
Deretter gjekk turen til supermarkedet for å bunkre litt drikkevare og mat. Det er alltid eit slit sidan vi ikkje har bil, men her ordna det seg greit. Vi handla for over 200 euro, og då køyrde dei sjølvsagt varene rett på kaia til oss. Dei kom faktisk fram før oss, og hadde låst opp porten og trilla varene heilt ned til båten. Snakk om luksus!
I morgon skal vi ha fiksedag. Har ei lang liste over ting som skal sjekkast, monterast og fiksast, så dagen går nok. Og vel så det tenkjer eg…
Ellers har vi oppdaga eit merkeleg fenomen. Nettet (vi får inn nokre kafear sine nett i båten no) fungerer berre av og til. No har eg funnet mønsteret i det; det fungerer på flo sjø!?! I morgon tenkte eg eg skulle ta ein tur bort på kontoret å høyre kva plass vi får under ARCen. Eg har sett meg ut kva bryggjer vi må ligge på for å kunne ha nett heile tida, så då er det berre å forhandle litt
Når det var fjøre sjø og nettet ikkje fungerte i dag nytta eg forresten høve til å taste loggboka inn i eit rekneark. Her er litt data frå turen so langt:
Vi har vert på reise i 120 dagar. 52 av desse dagane har vi forflytta oss, resten har vi loge i hamn.
Totalt har vi gått 3067,5 nm. Det har vi brukt 543 timar på, noko som gjer ei total snittfart på 5,65 knop.
Vi har gått 42 legg, berre 5 av desse har vart over eit døgn. I gjennomsnitt har vi gått 58,99 nm kvar dag vi har gått.
Skal vi fortsette slik må vi gå oftare enn annankvar dag dersom vi skal rekke rundt på eit år. Det er langt meir enn det vi har gjort til no, så det blir mykje segling! Heldigvis endrar bilete seg litt når vi får lange havstrekk. 20 døgn kontinuerlig over Atlanterhavet gjer nok godt på statistikken, og gjer oss forhåpentlegvis slakk nok til å nyte nokon dagar i hengekøya på andre sida
1 kommentar til “Litt tall og slikt”