Deprecated: preg_replace(): The /e modifier is deprecated, use preg_replace_callback instead in /home/vusers/domains/seiltur.no/wwwdocs/tempest/wp-includes/formatting.php on line 74
Strict Standards: call_user_func_array() expects parameter 1 to be a valid callback, non-static method GeoMashup::the_content() should not be called statically in /home/vusers/domains/seiltur.no/wwwdocs/tempest/wp-includes/plugin.php on line 57
Den starta, og går!
Fantastisk å kunne testkøyre motoren i kveld og finne alt ok
I morgon dreg vi nedover langs øya her. Blir nok dagar i Las Palmas når ARC-sirkuset set i gang tenkjer vi, så kan vi heller feriere litt andre stader no først. Vi har ikkje plass i marinaen i PortoMogan. Vi ringte og fekk beskjed om at det var fullt, men vi kjem likevel til å gå dit tidleg i morgon for å sjå om dei ikkje finn ein plass til oss. Vi er jo ikkje så store Hadde vert arti å ha nokon dagar der med dei andre norske båtane før vi dreg nedover til Puerto Rico eller Arguineguin for å ta imot besøk frå norge. Det gler vi oss til!
I dag har forresten gladmeldingane stått i kø! Fetter Benny blir med på ARCen, og vi er dermed fulltallige:-) Han ville jo også vere med over Biscaya, men då stoppa veret oss i den perioden han kunne. Men no blir det tur, vi gler oss!
Nettet i hamna er fortsatt heilt på felgen. Eg når alle nettcafeane frå båten, men det er så ustabilt at det er til å bli gal av. No har eg gitt etter for abstinensane og gått på nettcafeen. Trur dykk ikkje det er like dårleg her!?! Håpar på betre tider på sørsida av øya, skal komme tilbake med fleire bilete då. Om ikkje får dykk melde interessa dykkar her, så skal eg sende rundt med B-post. Det blir nok kjappare…
5 kommentarer til “Motoren går!”