Arkiv for 29. oktober, 2008

Sydenliv

I og med båten er heile livet nett no, er det lett å gå litt i kjellaren når ein så viktig del som motoren berre skapar problem. Men det ordnar seg helst for kjekke gutar, no går den, og vi tek nokon veker ferie før vi startar på ARC-forberedelsane.

Anfi del MarPuertoRicoI går starta vi grytidleg. Vi var usikre på kva det ville seie å verte ein “kartoffel”, som Tone i Mango proklamerte at sistemann til Mogan vart. Men noko bra er det heilt sikkert ikkje, så vi var oppe og i gang klokka 04:00. I Las Palamas traff vi forresten så vidt båtane To Fluer, Lucey Blue og Tatt av vinden, og forsynemeg kom det ikkje ein båt med norsk flagg sigande inn i hamna nett i det vi gjekk ut. Det var båten Madonna som også skal delta på ARC, så vi treff nok dei igjen når vi kjem oppatt til Las Palmas.

Fortsett å lese ‘Sydenliv’