Deprecated: preg_replace(): The /e modifier is deprecated, use preg_replace_callback instead in /home/vusers/domains/seiltur.no/wwwdocs/tempest/wp-includes/formatting.php on line 74
Strict Standards: call_user_func_array() expects parameter 1 to be a valid callback, non-static method GeoMashup::the_content() should not be called statically in /home/vusers/domains/seiltur.no/wwwdocs/tempest/wp-includes/plugin.php on line 57
I og med båten er heile livet nett no, er det lett å gå litt i kjellaren når ein så viktig del som motoren berre skapar problem. Men det ordnar seg helst for kjekke gutar, no går den, og vi tek nokon veker ferie før vi startar på ARC-forberedelsane.
I går starta vi grytidleg. Vi var usikre på kva det ville seie å verte ein “kartoffel”, som Tone i Mango proklamerte at sistemann til Mogan vart. Men noko bra er det heilt sikkert ikkje, så vi var oppe og i gang klokka 04:00. I Las Palamas traff vi forresten så vidt båtane To Fluer, Lucey Blue og Tatt av vinden, og forsynemeg kom det ikkje ein båt med norsk flagg sigande inn i hamna nett i det vi gjekk ut. Det var båten Madonna som også skal delta på ARC, så vi treff nok dei igjen når vi kjem oppatt til Las Palmas.
Turen nedover til Mogan gjekk i flott seglvind (25 knop) heilt ned til enden av øya, då var det bråstopp og vi fekk testa motoren siste stykket. På strekket passerte vi mange steder som mange nordmenn har spesielle forhold til. Playa de Ingles, Arguineguin (den norske byen), Anfi del Mar, Puerto Rico og tilslutt Porto Mogan. Vi gjekk tett oppunder land for å sjå, og gler oss verkeleg til late dagar her nede. Det er skikkeleg syden, alt ordna og tilrettelagt for turisme, men akkurat no er det heilt greit for oss Veret her nede på solkysten er også noko heilt anna enn oppe i Las Palmas. Her det ikkje konstant overskya, faktisk ikkje oversya i det heile tatt!
Porto Mogan er ei populær hamn, og alle dei andre norske båtane hadde bestilt plass på førehand. Vi hadde lyst til å ha nokon dagar her vi og, men på telefon fekk vi beskjed om at det var fullt. God gamaldags norsk sjarm (jada, kapteinen gjekk sjølv) fungerte heldigvis her og, og når eg sto der med bedande auge fekk vi likevel ligge i to dagar.
Dermed kunne vi stå på brygga og ta imot mellom anna Mango som vi no ikkje har sett sidan Strømstad! Forutan dei kom EmBlem og Amor Fati inn, medan båtane Hilde, Tekla, Hebe og Mayflower låg her frå før av. Skikkeleg norsk koloni her nede.
No ligg vi her i to dagar før vi setter kursen litt nedover igjen for å ta imot besøk. Blir hovudsakleg ferie, men noko har vi jo som må ordnast. Vi må gjer klar gjestelugaren, vaske litt innvendig, legge om til piggdekk, måke oppkjørsla, …. ehh… nei forresten, stryk dei to siste Men vi må blåse opp jolla og sette på motoren så vi kjem oss inn på stranda om morgonen!
Sten og Arnt, på Sydenferie
12 kommentarer til “Sydenliv”