Arkiv for november, 2008
Utpå kvelden i går roa både vinden og bølgene seg, og det vart vanskeleg å halde kursen vi hadde tenkt. Vi har difor segla litt meir sør enn det som var planen, og reknar dermed at vi har falle på resultatlista. Dei bereknar jo gjenståande distanse, det vrir seg nok fort no når dei som har kome langt nok sør kan sette ein direktekurs mot mål.
Fisken smakte fortreffelig! Erik, vi fekk hverken marinert eller tørka den, men steikte oss eit godt fiskemåltid i går, og eg trur vi har nok igjen til i dag og.
I går kveld kom vinden! VI har no hatt mellom 20 og 25 knop igjennom heile natta, og stort sett klart ein båtfart på over 6,5 knop. Oppi 7 av og til, og ein sjeldan gong over 8. Vi låg paralellt med Libertad i heile går, og prøvde ut ulike seglkombinasjonar mot dei. Det vart ein liten regatta utpå her:) Det vi fann ut fungerte veldig bra i lett vind var Genaker i le, med genoa på spri i lo. Genoaen fører då vind inn i Genakeren slik at denne står lettare. Båten gjekk også veldig fint i bølgene med denne kombinasjonen, den blir dradd fram istedenfor å bli skjøvet.
Vi har sagt heile turen so langt at fiskinga får vi ta når mellomste bror Bengt kjem på. Det er han som er fiskaren av oss, og det var ikkje lenge han var ombord før bruket var i sjøen. I går tok han og Benny ein Dorado på 5,5 kg!
Eg seier han og Benny, for det er dei som har engasjert seg i fiskinga. Eg og Tord synest det er litt mykje mas med heile greia, båten må leggast bi for å klare å dra inn, og så blir det masse søl og styr ombord. Det viste seg at det gjekk greit, vi bedøvde fisken med å helle ROM i hjellane så det ikkje skulle bli so mykje søl. Og sjølv om eg og Tord ikkje er så engasjerte i fikinga likar vi jo at det skjer noko, og er gjerne med på å spise fangsten;) Fortsett å lese ‘ARC dag 4 Fiskelukke’
Vi er i full ganng med å trene på sekstant, Benny kjøpte ein før avreise, men har fått eit lite problem. Vi manglar nautisk almanakk over solposisjonane på dei breddegradene vi seglar på. Den vi fekk tak i før avreise viste seg å kun gjelde mellom 40 og 60 grader nord
Er det nokon der ute som kan hjelpe oss med å finne denne på eit format som kan sendast som ein tekstmail. Send den til mailen til Arnt (den finn de under kontakt), så sorterar han ut og sender det vi treng vidare til oss på båtmailen.
På førehand takk for hjelpa!
Men fortsatt litt lite. Segla har slått i fleire døgn no, men for eit par timar sidan fekk vi det lille ekstra som skulle til for at dei no står fint. Båtfarten er no rett i underkant av 5 knop, natta igjennom har den stort sett loge rundt 3.
Ja so sit vi her, ikkje langt i frå kapteinen får oppfylt sin draum om heilt blikkstillt hav midt i Atlanteren. Vi seglar på kurs 235 og held ein båtfart på mellom 3 og 4 knop. Vinden er rett bakantifrå, og bølgehøgden godt under ein meter.
Første nattevakt er over, og alt går som på skinner. Vi har 15 knops vind rett i ryggen, holder fortsatt 230 grader. Båtfarten varierer mellom 5,5 og 6,5 knop. Ikkje raserfart, men veldig behagelig. Bølger på rundt ein meter elns, også rett i hekken fører til at dette så langt er oppfyllelsen av ein draum. Båten er “nesten” like roleg som om vi låg i hamn
Første post fra havet! Nydelig dag med flott segling. Vi har segla platt lens heilt fram til for ein time sidan, og er strålande nøgde med starten. Vi gjekk ganske langt ut synest vi, ville unngå akselerasjonssonene, og det gjorde vi. Platt lens gav god fart, stort sett mellom 6,5 og 7,5 knop, og vi har nettopp funnet ut at vi ikkje er sist av dei norske båtane:)
Da er det bare timer igjen til vi legger utpå. Vi er spennte, men føler vi har kontroll. Båt og mannskap er klare for det store hav
De siste dagene har det vert travel aktivitet i Las Palmas. 250 båter som skal klargjør for et tre ukers havkryss. Vi har festet fra oss, bunkret opp og klargjort båt. Etter kvart som datoen har nerma seg har også den mentale forberedelsen begynt. Som kaptein lengtar eg no etter å komme i gang og få føle på at alt fungerer også ute på havet.