Deprecated: preg_replace(): The /e modifier is deprecated, use preg_replace_callback instead in /home/vusers/domains/seiltur.no/wwwdocs/tempest/wp-includes/formatting.php on line 74
Strict Standards: call_user_func_array() expects parameter 1 to be a valid callback, non-static method GeoMashup::the_content() should not be called statically in /home/vusers/domains/seiltur.no/wwwdocs/tempest/wp-includes/plugin.php on line 57
Startar denne gongen med å beklage til våre trufaste lesarar. Vanlegvis skuldar eg på dårleg nett, det kan eg ikkje denne gongen. Vi har rett og slett kost oss og nytt sydenlivet så til dei grader at bloggen vart litt neglisjert. Båten har fungert som ei sydenleilighet medan vi har farta rundt og kosa oss med gode venner.
Etter motortrøbbelet og stresset i LasPalmas vart vi einige om at no skulle vi reise sør og ta imot besøk, og berre leve livet som om vi var på ein 14. dagars sydenferie. Det har vi gjort! Det starta med fine dagar i Mogan, før vi la oss ned på svai utanfor Anfi del Mar. Det var oppfyllelsen av ein draum. Etter å ha blitt roleg vugga i søvn vakna vi til strålande sol fire meter frå badegrensa på eit av dei finaste strendene på Gran Canaria. Her var det berre å hoppe uti og svømme ei runde rundt båten før vi sat oss godt tilrette i cockpit og nøyt morgonkaffien med orkesterplass til ei badestrand som sakte men sikkert begynte å fylle seg med solhungrige gjestar.
Torsdag i forrige uke kom Beathe Book og Nina Andersen Nygård. To gode veninner av Arnt. Medan Beathe fekk den eine gjestelugaren vår, veksla Nina litt mellom å bu hos oss og sine besteforeldre (Sissel og Sverre Andersen) som bur her nede halve året. Veldig praktisk for oss som også fekk benytta oss av besteforeldretjenester som nystekte vafler og tips og råd om kva som måtte opplevast, samt at dei kjøyrde oss rundt og hjalp oss med å snakke spansk med hamnesjefar for å finne ein ledig plass. Fredagen tok vi med Petter og Marcus frå Motgang, og blei med besteforeldrene til Nina på norsk rekeaften. Det var kanongodt med kokte reker igjen, og det heile utvikla seg etterkvart til å bli ein skikkeleg tur på byen.
Det som ikkje var fullt så bra var at vinden hadde snudd og svellet øka ganske mykje. Vi viste at det ville skje, og hadde difor søkt hamn i Arguineguin. Der er det ikkje andre plassar å ligge enn inntil ei røff industrikai. 2-3 meter svell er ingenting når en er utpå havet, men longside ei kai var det ikkje moro. Båten hadde så mykje bevegelse at det føltes som om vi var midt i Biscaya. Tre fortøyningstau røyk og måtte byttast i løpet av natta, og vi fekk ødelagt rekkewiren som fendrane hang i. Ein norsk katamaran som låg for anker sleit seg, men mannskapet fekk den inn til kai. Redningsbåten henta inn ein annan seglbåt som også hadde slitt seg. Førstestyrmann sat hamnevakt heile natta, og var ikkje heilt nøgd med at kapteinen var på nattklubb til klokka 5 om morgonen. Der blåste det jo ikkje, så han ante fred og ingen fare;)
Lørdag fekk også Sten besøk. Når Anja Storesund oppdaga at foreldra kom til å være her samtidig med oss, heiv ho seg med ho og. Det vart eit veldig hyggelig gjensyn! Om kvelden var vi alle saman ute og kosa oss med god mat. Skikkeleg samling med florøfolk (frå venstre): Beathe, Nina, Arnt, Målfrid og Leif Storesund, Asbjørn og Aud Torsheim, Anja og Sten.
Laurdagen kom også heile storfamilien Østvik. Sten og Odd Jarle har vert naboar heile livet, også etter at dei flytta til Oslo. På lunch i Tempest har vi frå venstre Henrik, farmor Kjellaug, mamma Elisabeth, Andreas, Martine og pappa Odd Jarle.
Når vi fekk så mykje besøk, la vi likegodt Tempest i hamna i Puerto Rico og omdefinerte den til Sydenleilighet. Dagane har vi brukt i lag med gode venner på stranda, minigolfbana, på marked og på segltur. Deilig å berre nyte livet, ikkje tenke på båtting og klargjering for overfart. Det er veeeldig turistifisert syden her nede, men det har egentlig passa oss fint denne veka.
Noko av det som ikkje er so bra med å dra på langtur er at ein forlater venner og familie i eit år. Då er det godt å få besøk og kunne nyte nokon dagar i lag med dei ein har kjær. Ekstra moro er det når ein får tilbakemeldingar om at turen har den effekten den var meint å ha. Vårt utgangspunkt, og den avgjørande faktoren for at vi dro var at vi var slitne og leie, og fekk tilbakemeldingar på at vi hadde mista “glimtet i auge”. Det er deilig å få bekrefta frå dei som kjenner deg best at vi ser ut som vi har det bra, og at glimtet er tilbake;)
Denne bloggposten blir derfor ein hyllest til våre venner! Takk for at dykk ville komme ned og besøke oss, og takk for at dykk gjorde denne tida til turens desiderte høgdepunkt så langt. Vi er glad i dykk, og gler oss til å treffe dykk igjen!
No er vi tilbake i Las Palmas for å gjere klar for den store overfarten. Det kriblar litt i magen, vi er veldig usikre på kva som ventar oss. Samtidig føler vi oss godt forberedt og trygge på at vi har gjort det vi kan for at det skal bli ein trygg og god overfart.
Neste store høgdepunkt for oss no er å få besøk av 10 onklar og tanter! Vi kjem ikkje over at så mange av dei vil reise ned hit og besøke oss og vinke oss avgårde. Men det gjer dei, og vi legg ikkje skjul på at det er vi kjempestolte av!
Avslutter med å gratulere vårt søskenebarn Stig Jarle og hans Silje med nok ein vellukka fødsel! Vi fekk gladmeldinga av systa i går, og spretta momentant den siste champagneflaska!
5 kommentarer til “Fullkomen ferie :-)”