Deprecated: preg_replace(): The /e modifier is deprecated, use preg_replace_callback instead in /home/vusers/domains/seiltur.no/wwwdocs/tempest/wp-includes/formatting.php on line 74
Strict Standards: call_user_func_array() expects parameter 1 to be a valid callback, non-static method GeoMashup::the_content() should not be called statically in /home/vusers/domains/seiltur.no/wwwdocs/tempest/wp-includes/plugin.php on line 57
I dag er det ei veke igjen til vi legg ut på det lengste havkrysset på denne turen. I dag var det flaggparade langs bryggene her i Las Palmas. Den vart avslutta med dingyrace ved tankstasjonen på enden.
På brygge 18 går livet sin gang. Vi jobbar med klargjering av båten, og går nok ikkje tom for arbeid denne veka. På måndag skal vi og begynne på bunkring for tre veker på sjøen. Det er ikkje lett å berekne kor mykje som skal kjøpast inn av alt, spesielt i og med vi ikkje har same mulighet som heime til å fryse ned. Heldigvis er her mange å diskutere utfordringa med, samt at ARC held seminar som tar opp temaet.
Men det er ikkje fritt for avbrekk også innimellom. I går fekk vi besøk av Erik og Eli frå Endely. Dei ligg nede i Puerto Rica, men hadde seg ein liten “bytur”. Då vart sjølvsagt arbeidet nedlagt for kvelden. Seinare var det “Owners Party”, og eigarane av både Tempest og Las Primas måtte finne fram finstasen. Vi fekk tak i nokre ekstra billettar slik at Bengt og Laila også kunne bli med.
Ellers har vi som de ser av bileta fått meir mannskap om bord. Både vår Tord og Bengt er på plass, så no manglar vi berre fetter Benny som kjem den 19. før vi er komplett mannskap for krysset.
Det er alltid eit tema i langturmiljøet korvidt ein skal delta på ARC eller ikkje. Vi angrar ikkje på at vi har meldt oss på. Tempest med fire personar ombord betalar NOK 8000,- for å delta. Det meinar vi det er verdt. Ikkje berre er det eit fantastisk sosialt opplegg rundt det heile, det gjer også klargjeringa mykje enklare. Vi har fått full sikkerhetsgjennomgang frå proffe folk. Vi har også fått ein full riggsjekk for 50 euro. Det kan sjølvsagt sjekkast sjølv, men tryggheten det er å få ein proff til å gå over er vel verdt 50 euro.
I tillegg går det masse servicefolk frå dei ulike utstyrsleverandørane rundt på brygga og tilbyr sine tjenestar. Det er eit mareritt å få tak i kompetente folk når ein ligg rundt i andre hamner, her har vi topp kompetanse lett tilgjengeleg på brygga. Ein kar frå Rutgerson kom spaserande ombord og gav oss dekksutstyr for fleire tusen kroner. Eg var skeptisk, men det var faktisk gratis, og vi takka sjølvsagt ikkje nei. Plutseleg stod der også ein kar frå Stavanger og tilbudte gratis sjekk av dieselen. Vi tok i mot og fann sporer av vatn. Han foretok full rens for 50 euro. Ei billeg forsikring mot meir motorproblemer.
Det har begynt å gå opp for oss kor lenge vi skal vere utpå havet, men vi gler oss og føler at ting begynner å falle på plass. No gler vi oss til fetter Benny kjem, og ikkje minst til besøket frå onklar og tanter!
1 kommentar til “Ei veke igjen!”