ARC dag 2 Rolege forhold

Ja so sit vi her, ikkje langt i frå kapteinen får oppfylt sin draum om heilt blikkstillt hav midt i Atlanteren. Vi seglar på kurs 235 og held ein båtfart på mellom 3 og 4 knop. Vinden er rett bakantifrå, og bølgehøgden godt under ein meter.

Det har sine fordelar med desse forholda. Mannskapet søv godt, det er enkelt å lage gode måltid, og det er mogleg å bruke heile båten. Ikkje berre sitte ute og klamre seg fast, men også ha tid til å nyte ein fantastisk klar stjernehimmel og tenkje over livet. Bakdelen er sjølvsagt at om vi ikkje klarar meir båtfart blir det julefeiring på havet;)

Sjølv om det er rolege forhold køyrer vi samme disiplin ombord som om det skulle ha vert meir vind. Alle har vest på seg så lenge man er ute, samtidig som vi stroppar oss fast. Det er også forbudt å gå på fordekk dersom det ikkje er ein igjen i cockpit og passar på. Det er like greit å halde disiplinen inne under alle forhold, så slipper man glipper og ulike personlege vurderingar av når man treng vest og stropp.

Vi fekk i går mail frå Arnt om at vi låg på 112 plass, og hadde heile fem norske båtar bak oss. Det hadde vi ikkje trudd, men TurboTempest overraskar jo stadig. Vi er spennte på kossen vi ligg an no når alle har hatt så lite vind, vi reknar vel med at vi fell litt på lista. Han skreiv også at vi i følge ARC sine kart ligg ca midt i hovedfeltet, og det kan eg forstå. Vi talde ca 20 lanterner rundt oss i natt, og måtte legge om kursen tre gongar for å ikkje segle inn i andre i det vi segla forbi dei.

Ellers går det bra ombord. Vi fekk ein tett dass i går. Første gong sidan vi starta turen. Mannskapet er no orientert om at våtserviettar ikkje går den vegen, og dassen er gjenopna med fornya tillit. Vi mista også ladinga frå DuoGenen i går. Propellen gjekk, men ingen lading. Det viste seg å være splinten som festa propellen til akslingen som hadde tatt kvelden. Vi hadde reserve med, og no er DuoGenen også klar for ny innsats berre vi får litt meir vind. Under 4,5 knop er det ikkje noko vits i å ha den uti. Vi måtte derfor kjøre motoren i to timar i går for å lade, hadde giret innkobla i 1,5 timar så det får vi vel litt trekk for på plasseringa:)

Fortsatt kjempegøy med kommentarar og meldingar, keep it coming;) Vi gler oss over at tanter og onklar kosar seg i Syden, gler oss til Bjørn Ståle dannar kortesje inn til Florø, og ynskjer god jakt i indre sogn:)

Kapteinen.

5 kommentarer til “ARC dag 2 Rolege forhold”


  1. 1 Sjur Dale

    Berre hold kursen. Slutten av tredje og start fjerde dag vil de få vind som aukar i styrke frå 110* dreiande til 130*.
    Nokre båtar har slege nordvest då det er sterkare der oppe. Det vil ikkje de tjena noko på akkurat i dykkar posisjon no.

  2. 2 Erik

    Topp at alt er vel,dere er i tankene hele tiden!Krysset i 1975 i nov 8 døgn med havblikk, Royal Viking Sea.Stå på TurboTempest!(dere er jo best!)
    Beste hilsner til dere alle fra Endely, Eli og Erik.

  3. 3 Pantaenius

    I acknowledge, with thanks receipt of your credit card details in settlement of your yacht insurance premiums and confirm cover as per your policy documents.

    With best wishes,
    Sharon

  4. 4 Bjørn Ståle

    Hei igjen, dere ligger nå på 125 plass, det er jo flott. Her er det begynt å regne…. Slipper å skrape is iallefall ;-) Var i moloen ikveld å sjekket båten, ligger sørgelig rolig under et teppe av våt snø…. Venter på litt lysere vær, er jo bare en mnd til sola snur…… Kos dere..

  5. 5 Stig Jarle, Silje, Sara Lovise og Signe

    Hei!

    Godt å høyre at alt går bra og ikkje minst at de har full kontroll på sikkerheten, vi vil gjerne ha folket heim til jul!

    Har litt dårleg nytt til Benny: Dessverre ingen som møtte på visning. Vi står imidlertid på og gjer alt vi kan for å få solgt leiligheita! Skal holde deg oppdatert gjennom bloggen.

    Ellers er alt vel og vi gledar oss til å høyre meir frå den spennande reisa!

    Helsing alle oss på Minde!

Skriv en kommentar