Deprecated: preg_replace(): The /e modifier is deprecated, use preg_replace_callback instead in /home/vusers/domains/seiltur.no/wwwdocs/tempest/wp-includes/formatting.php on line 74
Strict Standards: call_user_func_array() expects parameter 1 to be a valid callback, non-static method GeoMashup::the_content() should not be called statically in /home/vusers/domains/seiltur.no/wwwdocs/tempest/wp-includes/plugin.php on line 57
Men fortsatt litt lite. Segla har slått i fleire døgn no, men for eit par timar sidan fekk vi det lille ekstra som skulle til for at dei no står fint. Båtfarten er no rett i underkant av 5 knop, natta igjennom har den stort sett loge rundt 3.
Noko av det flottaste eg veit er seglbåtar med spridde segl. No har vi hatt full seglføring med spridde segl i to døgn. Det er forhold ein berre kan draume om heime, rekorden min der er heile Drøbakksundet opp i ferien i forfjor.
Sola steikjer frå skyfri himmel, Benny har lagt seg på fordekk for å slikke sol. Tord har samme stilling på akterdekk, med ei bok. Bengt har nett avslutta oppvasken, og eg sit og skriv blogg. Alle rapportar både til ARC og FriVind skal inn klokka 12:00 UTC, så då prøver eg å ha bloggen klar så eg får sendt den samtidig.
Når forholda er så rolege som no nyter vi berre. Dette har eg draumt om i mange år, og no er eg her. Har ikkje hastværk, berre tar og føler på det å leve ut draumen:)
Tord har vist seg å være ein gourmetkokk av dimensjonar! I går hadde han middagen (det går på skift) og overraska med steik surra i bacon med kålsalat, poteter og soppsaus! Vi dekka på bordet inne og sat nede og åt i fred og ro.
Det minkar med båtar rundt oss, i natt hadde vi stort sett 6-7 lanterner å sjå på. Det verka som vi drog i frå eller tok innpå dei fleste, men det er vanskeleg å bedømme om natta. Både eg og Tord har hatt besøk av delfinar på nattevakta. Fantastisk flott å sjå morilden etter dei når det ellers er heilt mørkt ute.
Av dei andre norske båtane har vi no berre kontakt med Tatt av vinden som ligg ca 10 nm på vår babord, ganske paralellt. Vi er spennt på kor vi ligg i forhold til hovedfeltet no….
Alle søv godt, et godt og ingen er sjøsjuke. Vi har det veldig bra!
3 kommentarer til “ARC dag 3 Litt meir vind”