ARC dag 4 Fiskelukke

Bengt med ein 5,5 kg DoradoVi har sagt heile turen so langt at fiskinga får vi ta når mellomste bror Bengt kjem på. Det er han som er fiskaren av oss, og det var ikkje lenge han var ombord før bruket var i sjøen. I går tok han og Benny ein Dorado på 5,5 kg!

Eg seier han og Benny, for det er dei som har engasjert seg i fiskinga. Eg og Tord synest det er litt mykje mas med heile greia, båten må leggast bi for å klare å dra inn, og så blir det masse søl og styr ombord. Det viste seg at det gjekk greit, vi bedøvde fisken med å helle ROM i hjellane så det ikkje skulle bli so mykje søl. Og sjølv om eg og Tord ikkje er så engasjerte i fikinga likar vi jo at det skjer noko, og er gjerne med på å spise fangsten;)

Samtidig som vi fekk Doradoen ombord begynte Benny på middagen. Vi la om planen frå kylling til fisk, sjølvsagt, men fekk ein nedtur då gassen ikkje ville tenne. Tord og Bengt kommenterte samtidig at det lukta brennt ute! Gassventilen hadde gått varm, faktisk så varm at det hadde rennt smelta plast nedover gassflaska. Vi så ein augonblink for oss kald boksmat resten av turen. Det hadde sjølvsagt gått det og, men når kapteinen kom på at det heller ikkje vart kaffi utan komfyr satte vi i gang med litt ordnings og mekkings. Komfyren er no i orden igjen, utan ventilen ute. Middagen i går vart derfor kalde røykelakslakswraps, medan vi i dag satsar på Dorado:)
Når vi skulle vaske opp etter sløyinga klarte vi også å miste den eine bøtta på sjøen. Sidan vi låg bi, dreiv den berre sakte bakover. Vi starta motoren og bakka oss inntil, men den sank sjølvsagt to sekund før vi kom fram! No har vi laga lenger tau til den andre bøtta!

Natta igjennom har vi hatt meir vind og aukande svell. Svell er laaange bølger som egentleg ikkje gjer anna enn å løfte båten opp og ned, så det er fortsatt ganske behageleg ombord. Farten har stort sett loge mellom 5 og 6 knop. Vi har tatt igjen båten Libertad iløpet av natta, og ligg no rett forran den. Prata nett med dei på VHFen, dei hadde også fått Dorado i går. Det minskar med båtar rundt oss også, i natt har vi hatt 3 lanterner å sjå på. To forran, den eine var Libertad, og ei bak som forsvann i løpet av morgontimane. Vi er sjølvsagt spennte på kossen vi ligg i feltet, har vi dradd frå eller er det dei andre som har forsvunnet forran? Vi har også lagt om kursen ein smule, og går no på 240 grader.

Ellers morar vi oss over større båtfart og samtidig betre lading frå DuoGenenen. Håpet er at vi kan klare oss utan motorlading, men det ser ikkje ut til at det går i dag heller. Anna vi morar oss over er at Bengt to gongar har kosta cockpiten for støv og superlangbeinnøtteskall, og begge(!?!) gongane klart å kaste alt ut bak båten. Når vi seglar i medvind kan ein jo sjølv tenkje seg kor det hamnar…. På’ an igjen;-)

Ja, forresten so hadde vi også for ein time sidan besøk av ein 20-30 delfinar. Det er første gong vi har sett dei på dagtid etter vi forlot LasPalmas. Alle utanom kapteinen sprang på fordekk med kvart sitt kamera, trur ikkje dei fekk eit einaste delfinbilde!?! Dermed ledar fortsatt Arnt delfinbildekonkurransen ombord i Tempest.
Alt vel, vi kosar oss og har det bra, men manglar fortsatt Nautisk Almanakk…

4 kommentarer til “ARC dag 4 Fiskelukke”


Skriv en kommentar