Arkiv for 28. november, 2008
Fisken smakte fortreffelig! Erik, vi fekk hverken marinert eller tørka den, men steikte oss eit godt fiskemåltid i går, og eg trur vi har nok igjen til i dag og.
I går kveld kom vinden! VI har no hatt mellom 20 og 25 knop igjennom heile natta, og stort sett klart ein båtfart på over 6,5 knop. Oppi 7 av og til, og ein sjeldan gong over 8. Vi låg paralellt med Libertad i heile går, og prøvde ut ulike seglkombinasjonar mot dei. Det vart ein liten regatta utpå her:) Det vi fann ut fungerte veldig bra i lett vind var Genaker i le, med genoa på spri i lo. Genoaen fører då vind inn i Genakeren slik at denne står lettare. Båten gjekk også veldig fint i bølgene med denne kombinasjonen, den blir dradd fram istedenfor å bli skjøvet.


Onninen Express avdeling Florø har sponsa kablar og koblings- materiell.





