Deprecated: preg_replace(): The /e modifier is deprecated, use preg_replace_callback instead in /home/vusers/domains/seiltur.no/wwwdocs/tempest/wp-includes/formatting.php on line 74
Strict Standards: call_user_func_array() expects parameter 1 to be a valid callback, non-static method GeoMashup::the_content() should not be called statically in /home/vusers/domains/seiltur.no/wwwdocs/tempest/wp-includes/plugin.php on line 57
Fisken smakte fortreffelig! Erik, vi fekk hverken marinert eller tørka den, men steikte oss eit godt fiskemåltid i går, og eg trur vi har nok igjen til i dag og.
I går kveld kom vinden! VI har no hatt mellom 20 og 25 knop igjennom heile natta, og stort sett klart ein båtfart på over 6,5 knop. Oppi 7 av og til, og ein sjeldan gong over 8. Vi låg paralellt med Libertad i heile går, og prøvde ut ulike seglkombinasjonar mot dei. Det vart ein liten regatta utpå her:) Det vi fann ut fungerte veldig bra i lett vind var Genaker i le, med genoa på spri i lo. Genoaen fører då vind inn i Genakeren slik at denne står lettare. Båten gjekk også veldig fint i bølgene med denne kombinasjonen, den blir dradd fram istedenfor å bli skjøvet.
Når natta kom friskna det litt til, og vi satte same kombinasjon men med mindre segl. Vi tok genoan i le med skjøte heilt bak og satte eit barberhal på, i lo satte vi ei kryssfokk på krysstaget. Det har fungert perfekt, og båten har veldig fin balanse.
Sjøen har vorte grovare, vi har no svell på rundt 2,5 meter. Dette gjer det meir uroleg inne, og vi har hatt mange “Onkel Hjalmar smører skiver” episoder:) Det er vanskelig å sove noko samanhengande når båten går slik, men det er nok berre dei første døgna vi slit med det.. Eller vi skriv eg, Benny søv sjølvsagt. Han trur eg kan sove igjennom det meste.
Vi trur vi har fått det vi trenger ang. den nautiske almanakken, men berre for ein dag. Vi skulle gjerne hatt for alle dagane vi skal segle… Takk for innsatsen til dykk som har engasjert dykk!
Vi ser nesten ingen andre lenger, og dei få vi ser ser ut til å halde ein sørlegare kurs enn oss. I løpet av natta såg vi tre båtar som drog sørover.
Alt fortsatt vel ombord, vi vaggar oss vidare mot målet;)
5 kommentarer til “ARC dag 5 Regatta:)”