ARC dag 7 Advent

LørdagspizzaLaurdagspizzaen i går smakte! Det same gjorde laurdagspilsen. I det vi satte oss begynte solnedgangen, den er ekstremt flott her utpå, og i det vi var ferdige å spise kom vinden. Perfekt!

I natt har vi hat god driv, stort sett mellom 5,5 og 6 knop, men også lange periodar rundt 6,5 knop. Det verkar no som at vinden har stabilisert seg på rundt 20 knop + Vi seglar med passatoppsett, genoa i le skjøtt som spinnaker med barberhal, samt kryssfokk i lo for å lede vind inn i genoaen. Dette fungerer perfekt, og vi blir dradd framover mot Karibien og øynar håp om å rekke julefeiringa. Mulig vi bytter Genoaen til Genaker dersom farten fell utover dagen.

DouGenen fungerer forresten også perfekt når vi har vind. Eg føler iblandt at vi seglar i ei evighetsmaskin. Vinden driv oss framover, overskuddet lagar vi straum av. Hadde vi hatt ein watermaker ombord kunne vi ha klart oss heilt sjølv, det spørs om vi hadde stoppa i Karibien då;)

I dag skriv vi første søndag i Advent, samtsundes som vi feirar ei veke på havet! Vi skal tenne lys utpå kveldinga. Det blir litt rart å sitte i shorts og tenne lyset, men det er no slik det blir. Varmen får vi ikkje gjort noko med, ikkje vil vi heller;) For å få den rette stemninga skulle vi aller helst hatt Florøkoret Fryd på fordekk, syngande på Ave Maris Stella medan vi sat i cockpit og tente lyset og såg på stjernene. Men vi vann ikkje namnekonkurransen, og reiseutgiftene hadde vel kanskje dessutan blitt i største laget. Men det er lov å drøyme;)

No har vi nett sett ein annan båt på vår babord side. Første gong på halvanna døgn vi har sett andre, så vi nærmar oss kanskje hovudfeltet igjen? Fekk beskjed om at vi låg nord for det, men har trekt godt sørover dei siste døgna. Har prøvd å kalle dei andre norske på VHFen, men bortsett frå ein kort samtale med Tatt an Vinden i går kveld har vi ikkje nådd nokon enno. Vi får dog mange mail, alle båtane sender sporadisk ut mailar med helsingar og små beskrivingar av livet ombord. Det går mykje i kor stor fisk dei har fått, posisjonen, og kva vind dei har. Sjølv om vi er aleine fire mann i ein båt på 20 kvadratmeter er det faktisk veldig sosialt her ute. Vi har full kontroll på kor dei andre er, og kossen livet er ombord i dei andre båtane. Veldig moro, og det skapar eit godt samhald her ute på havet.
Kapteinen

Når dagane vert lange og alt ein ser er hav og himmel får ein ofte mykje å tenkje på. Eller, ein får ikkje mykje å tenkje på men ein tenkjer mykje på få ting. For eksempel flygefisk som vi jammleg observerer. Dette er eit fenomen vi ikkje heilt begriper. Dei dukkar opp og “flyr” frå bølgetopp til bølgetopp, og det er ikkje som ein aure som vakar eller ein laks som sprett, dei er i lufta lenge. Kva i alle dagar skal flygefisken gjere i lufta? Viss det er sånn at den har vengjer for å flukte frå rovfisk, kan den ikkje då likegode vere fugl?

Mannskapet på Tempest er ein gjeng med enkle menn med sansen for logikk, og dette konseptet flygefisk har me problem med å fatta. Det er rett og slett verken fugl eller fisk. Vi set pris på all hjelp til å forstå dette konseptet “flygefisk”

Tilslutt, under bunkringa til turen fekk vi ei oppmoding om å kjøpe dobbelt så mykje toalettpapir som be trudde vi trengde, av den enkle grunn at vi kom til å gå på do dobbelt så mange ganger. Dette vart lett avfeid med latter av dei innkjøpsansvarlege, det er vel ikkje sånn at ein drit meir fordi om ein er til sjøs? VIi kjøpte likevel inn litt ekstra. No viser det seg at det går store mengdar dasspapir, og i løpet av dagen må vi ta ei oppsummering, utrekning og lage ein plan for forbruket (slik vi mellom anna har med vatn) Reknestykket vert lagt fram på bloggen her i morgon. Forhåpentlegvis kan vi komme fram til ein formel for forbruk av dasspapir som kan kome andre langturseglarar til nytte.

Tord, intendant og fokkeslask.

4 kommentarer til “ARC dag 7 Advent”


Skriv en kommentar