Arkiv for desember, 2008

Godt Nytt År

Vi seier oss godt nøgde med korleis år 2008 utvikla seg! Takker alle for samværet, og håpar på eit like strålande 2009!

No har vi nett kosa oss med fenalår som vi fekk frå Ola og Lisa til jul. Skal til å pakke baggen for å feire inngangen til det nye året på grillparty på stranda i lag med rundt 50 andre skandinaviske langturseglarar. Bilder kjem i morgon.

GODT NYTT ÅR :-)

Romjulstid

Heilt grei måte å tilbringe romjula på;)Utsikt frå båten, mange som ligg på svai herFortsatt på svai på Bequia. Nokre av båtane har begynt å reise viare nedover, men vi har beslutta å fortsette romjula med nokre late dagar til på svai her. Vi er usikre på om vi blir her eller på Mustique på nyttårsafta. Det hadde vert moro med Mustique, men det koster vistnok skjorta å ligge der, og enda meir å vere med på ting på land. Vi har berre ei skjorte, så vi får se…

Fortsett å lese ‘Romjulstid’

God Jul!!!

Familiejulebildet. GOD JUL!Familien Hellevang ønsker alle ei riktig God Jul!

 

Fortsett å lese ‘God Jul!!!’

Pirates of the Caribbean

Fin seglvind mellom St.Lucia og St.VincentArnt i sving i byssa, godt å ha han heime igjen ;-)Cruisingdag 2, vi kunne sjølvsagt ikkje segle forbi bukta der store delar av kulissane etter innspelingane av Pirates of the Caribbean fortsatt står igjen. Dermed forkorta vi “havkrysset” mellom St.Lucia og Bequia med ei overnatting i Wallilabou på St.Vincent. Fantastisk flott seglvind mellom øyene, deilig å segle ordentleg slør etter vekesvik med lens :-)

Fortsett å lese ‘Pirates of the Caribbean’

Soufriere, St.Lucia

Så er båten vaska og polert etter havkrysset, Benny og Tord returnert for meir tradisjonell julefeiring, og eg har fått ned att Arnt i lag med Inga og Pappa. Dermed er vi heile familien ombord, klare for ei litt annerleis jul enn den tradisjonelle heime i Brendøyvegen.

Ikkje så stor, men glir godt inn i selskapet!Tempest var av dei minste båtane i ARCen. Ganske godt illustrert på bildet her. Det praktiske var jo at vi fekk plass over alt, når vi ville ligge på brygge D skvisa dei oss berre inn mellom to superyatcher. Vi følte oss jo naturlegvis heime der ;-)

Fortsett å lese ‘Soufriere, St.Lucia’

Takk!

Fire galde gutter i St.LuciaVi fekk fruktkurv fra ARC representantenTusen takk for alle gratu-lasjonar! Det er enorm moro at så mange følgjer med på bloggen og turen vår. Det inspirerer masse til å skrive, og vi skal sjølvsagt fortsette som før. Hittil har vi bare ein lokasjon i Sverige som vi mangler blogg fra, og det er intensjonen å blogge minst ein gang frå kvar stopp vi har. Ser dykk på kartsida vår begynner det å bli ei respektabel reiserute.

Fortsett å lese ‘Takk!’

ARC Dag 23 Landkjenning

Vi er i mål!!!
Fortsett å lese ‘ARC Dag 23 Landkjenning’

Fallerifallera :-)

Yohoo;-) Vi er inne i ein god stim no, Sjur. Skal helse frå Tord og sei han gler seg til å koma heim til jul!
Solveig, det same gjeld Benny.
Eg og Bengt gler oss til å få Pappa, Arnt og Inga ned hit for å feire jul!
Kun timar igjen, siste middagen er snart ferdig, vi har god vind og masse rotete sjø. Nyter dei siste 95 nautiske mila! TOM-B ligg rett bak oss, dei passerer sikkert i løpet av natta.
Sten

ARC dag 22 God driv

Så er det ikkje lenge igjen! Vi reknar med rundt eit døgn frå no av, dersom vinden held seg slik den er no. Vi er veldig spennte på kossen det blir å komme i land. Det er jo litt sprøtt at dei vi vinka til og ønska god tur over i LasPalmas, er dei same som vi no skal treffe igjen i St.Lucia.

Fortsett å lese ‘ARC dag 22 God driv’

ARC dag 21 Nattkino

Roleg dag i går. Vi gjekk platt lens med rudt 4 knop heile dagen, og hadde litt galgenhumorpå at det vart nok julefeiring på havet. For å døyve skuffelsen over vinden som forsvann, fann vi ut vi skulle ha kinokveld. Vi rigga til med PCen på luka, og såg Pirates of the Caribbean (sjølvsagt) i cockpot med dunkel belysning frå fullmånen på ein ellers stjernklår himmel. Fantastisk flott stemning!

Fortsett å lese ‘ARC dag 21 Nattkino’